Får du denne SMS-en, bør du følge instruksane i meldinga. Då blir kommunens vaksineringsarbeid meir effektivt, opplyser Harald Eikrem og Mari Aartun ved Sauda kommune.
Får du denne SMS-en, bør du følge instruksane i meldinga. Då blir kommunens vaksineringsarbeid meir effektivt, opplyser Harald Eikrem og Mari Aartun ved Sauda kommune. FOTO: Andreas Isaksen.

Kommunen oppfordrar:

– Denne SMS-en må du svare på

Denne SMS-meldinga kjem mange saudabuar til å få i løpet av vinteren. For å gjere kommunens arbeid med koronavaksinering effektiv, er det viktig å følge instruksane i meldinga.

Sauda kommune er nå inne i sluttfasen av vaksineringa av bebuarar på Åbøtunet og Sauda DMS. Beredskapskoordinator i Sauda kommune, Harald Eikrem, opplyser at kommunen er i rute til å starte vaksineringa av heimebuande saudabuar alt i veke fem.

– Dei første som vil få tilbod om vaksine i kommunen, er saudabuar frå 85 år og oppover. Vi kjem til å sende ut ein SMS til alle som er registrerte med mobiltelefon. Denne SMS-en er det veldig viktig at ein les nøye, seier han til Ryfylke.

I SMS-en som blir sendt ut frå kommunen, står det ein kort tekst om at mottakaren er blant dei som kan få vaksine, og lengst nede i meldinga er det ei internettlenke. Denne skal ein følge.

– Når ein følger lenka, kjem ein til ei internettside, som kort og godt spør om ein vil ha koronavaksine. Så svarer ein ”ja” eller ”nei”, og det er alt. Vi tar vidare kontakt og avtaler tidspunkt for vaksineringa, forklarer Eikrem.

Hjelp frå pårørande

Beredskapskoordinator Eikrem og Mari Aartun som er saksbehandlar og fagleiar ved kommunens kundetorg oppfordrar pårørande til eldre saudabuar til å gi ei hjelpande hand, og følge med om dei får denne SMS-en. Ryfylke spør om kommunen meiner at eit svarsystem med internettlenke er enkelt nok for dei eldste bebuarane.

– Dette er det enklaste vi klarer å få til. Vi har i tillegg ein annonse i avisa, der vi forklarar stega på ein lettfatteleg måte. Om pårørande også kan bidra etter beste evne, håpar vi at dette skal gå greitt, seier Eikrem.

SMS-en blir sendt ut gjennom den såkalla befolkningsvarslinga i kommunen, som blant anna blir brukt til varslingar om stengte vegar, ved evakuering, stenging av vatn og andre servicemeldingar.

God kapasitet

Ikkje alle som har folkeregistrert adresse i Sauda, er registrerte med mobiltelefonnummer. Dei bebuarane som har mobiltelefon, og er usikre på om dei er registrerte, blir oppfordra til å sjekke dette sjølv på nett.

– Dette kjem vi også til å opplyse om i annonsen i avisa. Dei fleste henvendingane frå det offentlege går gjennom denne tenesta, så det er lurt å vere registrert med rett telefonnummer i Kontakt- og reservasjonsregisteret, slik at systemet følger ein opp, seier Eikrem.

Eikrem og Aartun har ikkje fått informasjon om tal på vaksiner til Sauda i tida etter dei kommande to vekene. Dei er likevel tydelege på at Sauda er godt førebudd på det som kjem.

– I Sauda hadde vi hatt kapasitet til å vaksinere samtlege innbyggarar på éi veke, dersom legesenteret hadde stoppa all anna aktivitet. Med eit normalt fungerande legesenter, har vi kapasitet til å vaksinere ein fjerdedel i løpet av ei veke. Vi skal altså klare å handtere det som vi får tildelt, seier Aartun til slutt.

I avisa VG sin vaksineoversikt, som hentar tal frå Folkehelseinstituttet, er det oppgitt at Sauda vil få 45 dosar i veke fire, og 35 dosar i veke fem.