Det kan bare bli betre

Inntil ganske nyleg har det sett heller svart ut for eit framtidig hurtigbåttilbod i Indre Ryfylke. Denne veka kom imidlertid nyheita om at regjeringa likevel vil ta kriteria for den statlege finansieringa av hurtigbåtruter opp til ny vurdering.

Kampen for hurtigbåttilbodet og eit velfungerande kollektivtilbod generelt i Ryfylke-regionen har pågått i ein liten mannsalder – minst. Undervegs har båt-tilhengarar og kommunar i liten grad klart å samla seg om anna enn at dei vil ha eit hurtigbåttilbod. Jo lenger inn i fjorden ein har kome, jo meir har ein fokusert på å korta ned reisetida mellom Sauda og fylkeshovudstaden Stavanger. I andre enden, ja til tider faktisk så langt inne som i Suldal, har ønsket om flest muleg stoppestader dominert. Forståeleg nok – ein er som oftast seg sjølv nærast. Geografien gjer det vanskeleg å gjera alle til lags. Så langt har ikkje ruteplanleggarane klart å knekka koden som optimaliserer både reisetider og kommunikasjonsløysingar.

«ei symbolsak for dragkampen mellom distrikt og sentrale strok»

Hurtigbåtstriden har på mange måtar blitt ei symbolsak for dragkampen mellom distrikt og sentrale strok. Sjølvsagt provoserer det ryfylkingen når Kolumbus skryt over meir enn 3 000 nye bussavgangar på Nord-Jæren, samtidig som dei sjølv står i fare for å mista ein av to daglege båtavgangar. Dette samtidig som Judaberg på Finnøy, som har blitt landfast for lenge sidan og ligg ein dryg halvtimes busstur frå Stavanger sentrum, har meir enn ti daglege hurtigbåtavgangar mot Stavanger. Og båten tar som regel lenger tid enn bussen. Slikt pirrar rettferdssansen til fjordfolket.

«Det blir uhyre spennande å sjå regjeringa sitt nye forslag»

Det skulle i grunnen bare mangla at sentrale styresmakter ikkje tar dei sterke signala frå elles sindige ryfylkingar på alvor og revurderer kystlinjekriterie-fadesen på nytt. Alt tyder vidare på at saudaordførar Asbjørn Birkeland vil få rett når han spår at ein ny nøkkel vil bety meir pengar til hurtigbåt i Indre Ryfylke, området som er den store taparen med dagens finansieringsmodell, og som fort står heilt utan hurtigbåt dersom verken sentrale eller regionale styresmakter vil gjera om på tidlegare vedtak.

Det blir uhyre spennande å sjå regjeringa sitt nye forslag som kjem på høyring om litt. Då bør langt fleire enn lokalpolitikarane nytta høve til å seia meininga si om kva det betyr å ha eit oppegåande hurtigbåttilbod for lokalsamfunna innover i fjordane.