Ta fjorden i bruk

Sauda og Sand, og andre stader langs fjorden ut til Hebnes og Jelsa, har hatt rutebåt i omtrent 150 år, men nå kan rutene snart vera borte. Ny struktur for kollektivtransport i Rogaland generelt, og for hurtigbåtane spesielt skal vera på plass frå 1.januar 2023.

I dag går det ein båt ut på morgonen, og denne er tilbake på kvelden, omtrent som då «Fjordsol» gjekk for 50 år sidan. Saudaruta er det kutta i ved fleire høve, nå snur båtane enten på Sand eller Jelsa, slik at båtane kan nyttas meir i ytre Ryfylke.

Bygdene her inne har vore med på to revolusjonar, på fjorden. I 1939 kom den fyrste fjordbussen «Fjorddrott», konstruert av teknisk direktør i DSD Ludvig Thorsen, og gjekk i dagleg rute Sauda via mellomstader til Stavanger, så via mellomstader til Haugesund og retur, og så inn til Sauda på kvelden. Revolusjonen var både farten på båten, 15 mils fart, og ruteopplegget.

Den neste revolusjonen kom i 1961 då hydrofoilbåten «Expressen» kom i fart på Ryfylkefjordane, og spesielt i Saudaruta, ein båt som gjekk med bortimot 40 mils fart, og gjorde turen til Stavanger på mindre enn 1,5 time.

Før, mellom og etter desse revolusjonerande fartøya  har det gått kyst- og lokalruter til det inste av Ryfylke, dampbåtar, ulike fjordbussar, og katamaranar av ulike typar. Men nå kan det vera over. Ikkje la me oppleva at den tredje revolusjonen er fjorden utan rutebåtar.

Medan Rogaland Fylke har mange og fagre visjonar og målsettingar innan busetting, arbeid, miljø, turisme, fritid og meir, for dei ulike delane av fylket vårt, har Kolumbus, som er fylkets «mobilitetsaktør» for all samferdsla i fylket laga eit framlegg der samferdsla med båt i Ryfylke vert fullstendig rasert. Dette kan me ikkje finna oss i, og nå må det vera slutt på at Indre Ryfylke skal vera svikta både nasjonalt og regionalt.

Fjorden ligg der, og bortsett frå kalde vintrar som det vert færre av, så er han ferdig brøyta og bortimot vedlikehaldsfri. Fjerning av statlege arbeidsplassar og bussruter til Haugesund løyser ikkje problema, dei er snarare som ein katalysator for meir nedlegging. Vegane langs fjorden er ikkje av ein standard som me treng.

Mellom Sauda og Stavanger, via nokre få mellomstader, må det settast opp ruter med to båtar, som enten går heile strekket som ei hurtigrute, eller dei kan dela ruta på Jelsa, men med fart som gjer at turen går på to timar. Inn til fem turar kvar veg, og med rutetider som gagnar folket langs fjorden vil då knyta indre Ryfylke til fylkeshovudstaden på ein måte som desse kommunane skal ha sin rettmessige del av. Båten er limet, både internt i Ryfylke, men og til og frå dette området som er av det flottaste me har i landet. Nå må fjordfolket fortelja ordføraren kva dei treng.