Nye takter

Nyheita om at regjeringspartia og Frp skrotar Statens vegvesen sitt forslag til endra struktur for trafikkstasjonar er godt nytt.

Ikkje bare for Sauda, men for alle distriktskommunar som stod i fare for å mista sitt lokale vegvesen-kontor. Særleg oppløftande er det dersom avgjerda signaliserer at sentrale styresmakter vil legga ei meir heilskapleg vurdering, der samfunnsrekneskapen blir tatt meir omsyn til, til grunn i denne typen saker.

At trafikkstasjonen i Sauda nå blir berga, er sjølvsagt ingen garanti for at alt blir som det har vore eller at kontoret blir verande til evig tid. I takt med utviklinga i samfunnet elles, vil ny teknologi føra til stadige endringar i både offentlege og private tenestetilbod.

«hjelper det lite å fresa frå seg i kommunestyret eller lokalavisa»

Det har lite for seg å kjempa imot utviklinga. Det har derimot mykje for seg å seia frå når iveren etter å forenkla spring ifrå og realiserer gevinstar av løysingar som ikkje finst. Då må rasjonaliseringskåte byråkratar settast på plass av dei som er valt til å snakka folket si sak i møte med embetsverket. Slik som i trafikkstasjonsaka, der lokale folkevalde har stått på for å få fram kor urimelege konsekvensane av den føreslåtte omstruktureringa er for innbyggarane ute i distrikta.

«det er muleg å få gjennomslag, sjølv for parti som ikkje sit i regjering»

Den siste utviklinga i trafikkstasjonsaka viser kor viktig det er å ha lokale folkevalde som også arbeider med saker av regional og nasjonal karakter. Når frustrasjonane lokalt er retta mot avgjerder fatta på fylkesnivå eller i statlege organ, hjelper det lite å fresa frå seg i kommunestyret eller lokalavisa om ein ikkje samtidig arbeider aktivt inn mot dei som faktisk kan gjera noko med saka. Alle dei lokale partia i Sauda har representantar på Stortinget som kan kontaktast, og dei siste vekene har vist at det er muleg å få gjennomslag, sjølv for parti som ikkje sit i regjering. I trafikkstasjonsaka har fleire engasjert seg – det fortener lokalpolitikarane ros for.

Statens vegvesen sitt forslag frå mai 2019 om nedlegging av 22 trafikkstasjonar blei ikkje uventa møtt med stor motstand ute i distrikta. Ikkje bare ville tilbodet til innbyggarane i desse områda bli markant dårlegare. Endringa ville òg pålegga brukarane betydelege kostnader i form av reisetid og -utgifter, i tillegg til ein lite flatterande miljørekneskap.

I avgjerda om å skrota Vegvesenet sitt forslag, ligg klare føringar om at endringar i tenestetilbodet ved trafikkstasjonane ikkje skal føra til eit dårlegare tilbod. Viss denne tilnærminga er «den nye vinen» frå sentralt hald, takkar me høfleg ja til meir.