Rytopp har kome med ei liste med over 100 ledige læreplassar i Ryfylke. 28 av dei er i Sauda kommune.
Rytopp har kome med ei liste med over 100 ledige læreplassar i Ryfylke. 28 av dei er i Sauda kommune. FOTO: Fotograf Nordtveit

100 ledige læreplassar i Ryfylke

Opplæringskontoret Rytopp har komme ut med ein oversikt over 100 ledige læreplassar i Ryfylke. 21 bedrifter i Sauda står på lista. Rektor på Sauda videregåande skule er ikkje sikker på om dei har nok elevar til å dekke behovet.

Rytopp er opplæringskontoret i Ryfylke. Dei har medlemsbedrifter frå alle kommunane i Ryfylke og omtrent 120 lærlingar med lærekontrakt. I år kunne dei legge fram ei liste med over 100 ledige læreplassar i Ryfylke.

– Me har mange medlemsbedrifter som er med på samfunnsansvaret. Dei ønsker å utdanne nye arbeidarar, seier opplæringskonsulent i Rytopp, Bente Kjos-Wenjum.

Ho fortel at medlemsbedriftene ser på lærlingane som ein ressurs som har mykje å tilføre arbeidsplassane. Per i dag viser lista til RYTOPP 28 ledige læreplassar i Sauda.

– Me har aldri hatt så mange ledige læreplassar tidlegare, så det ser ut som om det kan vere gode muligheter for å skaffe seg læreplass lokalt.

Ikkje nok lærlingar

Det har dei siste åra vore eit stort fokus på fagutdanning både lokalt og nasjonalt. Ifølge Statistisk Sentralbyrå, vil Norge ha for få personar med yrkesfagleg utdanning i åra som kjem. Det er fleire som vil ha høgare utdanning og det er alt ein mangel på faglærte innan yrkesgrupper som industri, bygg og anlegg og helsefag.

– Me har ikkje nok elevar til å dekke behovet til bedriftene i Sauda, seier rektor ved Sauda videregåande skule, Bård Børresen Lien.

Det er bare RYTOPP sine medlemsbedrifter som er en del av oversikten. Eramet, som tar inn fleire lærlingar kvart år, er ikkje ein del av opplæringskontoret og følger opp lærlingane sine sjølv. Så det er fleire enn dei 21 bedriftene til RYTOPP som ønsker lærlingar i år.

– Det er positivt for elevane at dei har så mange moglegheiter, men antalet ledige læreplassar kan også vise at næringslivet ikkje klarer å rekruttere nok arbeidskraft, seier Lien.

Fleire helsefagarbeidarar i lære

Norge har ei veksande eldre befolkning og derfor blir behovet for helsefagarbeidarar og sjukepleiarar større. Frå Sauda videregåande skule er det i år 18 elevar som går helsefag og 14 barne- og ungdomsarbeidarar, som skal ut i lære. Dette er ei auke frå dei siste åra.

– Det er desse elevane eg er mest spent på i år. Ikkje fordi me har fått noko signal om at det er færre læreplassar i år, men fordi det er fleire som skal vere lærlingar enn før, seier Lien.

Kjos-Wenjum frå RYTOPP fortel at både bygg-og anlegg og helsefag er områder med stort behov for fagfolk.  Behovet for arbeidskraft innan helsesektoren er stort, men sidan mange ønsker å ha læretida si heime, kan plassane fyllast opp. Alle elevane frå Sauda videregåande skule har fått læreplass dei to siste åra.

– Me har hatt eit godt samarbeid både med RYTOPP og dei som ikkje er medlem der, seier Lien.