Umetteleg behov for informasjon

Med januar 2021 på hell nærmar verdssamfunnet seg eit år med pandemi. Meir enn 100 millionar menneske er smitta, over to millionar er døde og folk flest er, mildt sagt, leie av eit liv under sterke restriksjonar og avgrensingar i den enkelte sin handlefridom.

Då den første vaksinen mot Covid 19-viruset blei godkjend ved juletider, var dette etterlengta nyhende. Rett nok blei ein førespegla ei forholdsvis lang utrullingstid for vaksinane. Vaksinen var likevel eit signal om at kampen mot koronaviruset etter kvart kunne vinnast. Kva tid ein kan rekna det for sannsynleg at livet blir meir som normalt, veit ein imidlertid ikkje stort meir om i dag, ein dryg månad etter at vaksinen var eit faktum.

«utålmodige etter å få vita meir om når dei skal få stikka»

Ventetida er for mange krevjande. Særleg fordi ein i slike situasjonar lett blir uroa for om ein har gått glipp av viktig informasjon. Slik som 95 år gamle Liv Jakobsson uttrykker i dagens Ryfylke. Hennar frustrasjonar er knytt til bruken av digitale plattformar til å informera innbyggarane, arenaer ho sjølv ikkje nyttar. Kommuneoverlegen opplyser i same avis at også dei som ikkje har digital tilgang vil bli kontakta og få tilbod om vaksine.

Det er godt forståeleg at Liv, og andre saudabuar som ikkje er digitale, er urolege for om dei får tilbod på lik linke med jamaldringar som er «pålogga». Det er også lett å forstå at både dei i den prioriterte aldersgruppa på 85 år og over, og dei neste som står for tur, etter kvart blir utålmodige etter å få vita meir om når dei skal få stikka. Medrekna den varsla tildelinga i neste veke, har Sauda så langt fått 120 vaksinedosar. Enkel matematikk fortel at ein ved utgangen av neste veke bare er snautt halvvegs i vaksineringa av innbyggarane over 85 år.

«openlyst ei utfordring for lokale styresmakter at dei sjølv ikkje veit»

Det er openlyst ei utfordring for lokale styresmakter at dei sjølv ikkje veit så mykje meir om tilgangen på vaksinar meir enn maksimalt eit par veker framover. For Saudas innbyggarar er det imidlertid også interessant å vite at det ikkje er noko nytt å fortella. Det kan aldri bli for mykje informasjon i ein slik situasjonen som dagens, og innbyggarane sitt krav om informasjon, både dei digitale og dei som ikkje har tatt steget inn i den verda, er i høgste grad berettiga.