Langrennsgruppa har fokus på smittevern og avstandsreglar under treningar (bildet) og komande renn.
Langrennsgruppa har fokus på smittevern og avstandsreglar under treningar (bildet) og komande renn. FOTO: Åse Gulbrandsen.

Snøglade langrennsløparar er klare for nye skirenn

Midt i pandemien er det det draumeforhold i Slettedalen. Også langrennsgruppa har fått avgrensa sine vanlege aktivitetar i vinter, men nå startar dei lokale arrangementa opp igjen.

– Me skulle eigentleg ha starta opp langrennskarusellen tidleg i januar, men det måtte me utsetta, både på grunn av lite snø og korona. Men nå, komande tysdag, startar me med årets første karusellrenn, fortel Ivar Bakka, leiar i langrennsgruppa i Sauda IL.

Karusellen er foreløpig kun for dei under 20 år. Koronarestriksjonar gjer at ein ikkje kan arrangera renn for dei over 20.

– Men, skulle det komma endringar i restriksjonane, skal me klara å snu oss raskt rundt og få til renn også for dei eldre, forsikrar han.

Langrennskarusellen blir arrangert fire tysdagar i løpet av vinteren, med tysdag 2. mars som siste renndag.

Eit sakn

Langrennsgruppa er ein sosial gjeng, som er vane med mykje reising til renn utanfor Sauda i løpet av sesongen. I inneverande sesong har ein gjeng kun deltatt i nyttårsrennet i Røldal. Hovden-turen sist helg blei det ingenting av, då arrangøren valde å avlysa.

– Det er jo heilt klart eit sakn for heile gruppa at det er mindre aktivitetar nå. Enkelte har jo sine mål dei jobbar mot, og nå får dei ikkje konkurrert i like stor grad. Men, det skader ikkje med eit kvileskjær innimellom, og dette gjeld også alle andre, så det gjer det lettare å takla, seier langrennsgruppeleiaren.

Treningar har blitt gjennomført, utandørs, i lang tid.

Torsdag prøvde langrennsgruppa også noko heilt nytt: Digital klubbduell med nabokommunen Suldal. Konseptet går ut på at minst ti utøvarar går i ei èin kilometer lang løype i sin kommune, og så skal dei beste tidene slåast saman. Begge kjønn skal vera representert og ein må ha med løparar under elleve år og over 50 år.

– Veldig spennande å prøva ein slik variant, der ein får oppleva å konkurrera litt igjen, seier Bakka.

Fekk rekrutteringsmidlar

Slik situasjonen er per i dag, er det ingen som reiser til andre kommunar for å gå renn. Det er likevel muleg å arrangera renn. Langrennsgruppa er opne for at dei skal klara å arrangera både Saudasprinten og Slettedalen Rundt.

– Saudasprinten skulle vore i helga som var, men me vurderer å få til noko første helga i vinterferien. Slettedalen Rundt ser me føre oss å arrangera søndag 14. februar, seier Bakka.

I dag tel langrennsgruppa 160 medlemmer. Om lag 60 er aktive løparar. Klubben jobbar aktivt med å rekruttera nye medlemmer. I fjor haust fekk klubben tildelt 10 000 kroner i rekrutteringsmidlar frå skiforbundet. I desember blei det kjøpt inn fem par rulleski og fem par felleski for barn i alderen seks til tolv år.

– Dette er utstyr som folk kan få låna og testa ut før dei eventuelt går til innkjøp, fortel Bakka.

Gode forhold

Slettedalen er den lokale hovudarenaen for langrennsfolket. Området er også øvst på den lokale prioriteringslista når det gjeld løypekjøring. Ola Martin Øverland er styremedlem i langrennsgruppa og ansvarleg for skianlegget i Slettedalen.

– Før har me kun kjørt løyper på dugnad, og ofte meir enn ein har avtalt. Nå har me fått til ei deling mellom medlemmene på dugnadsvaktlista og innleigde ressursar frå Brødrene Selvik. Det gjer at me skal klara å alltid ha oppkjørte løyper i Slettedalen. Kjem det snø, vil det bli kjørt løyper på dagtid, også i vekene, fortel Øverland.

Dugnadsdelen er framleis størst, men det at den innleigde ressursen kan steppa inn på kort varsel, ved behov, gjer at det så og seie alltid vil vera oppkjørte skispor i Slettedalen på dagtid.

Langrennsgruppa har også investert 40 000 kroner i ein ny trommel til å ha bakpå snøskuter. Det gjer det muleg å kjøra løyper over slettedalsdemningen, i smale område i traseen og i periodar med lite snø.

Spor og lys for alle

I Slettedalen er det ei 7,5 kilometer lang lysløype. Normalt kjører ein minst 15 kilometer med skispor.  Komande helg vil det bli kjørt spor rundt heile Slettedalsvatnet, slik at ein har 20 kilometer skispor.

– Og lysanlegget vårt er sjølvbetjent. Ein kan skru det på sjølv, og er ein usikker på om det er andre ute i sporet når ein er ferdig, så kan ein la det stå på. Me har ”timer” på anlegget og dette skrur seg av automatisk klokka 22.00, opplyser Ola Martin Øverland.

Langrennsarenaen i Slettedalen har 15-20 kilometer med oppkjørte løyper og ei lysløype på 7,5 kilometer. FOTO: Ola Martin Øverland.