Forventar meir av kommunen i Svandal

Som friluftsengasjert hytteeigar i Svandalen Fjellgrend har eg i lengre tid venta på å få meir turløyper i dei lågareliggande områda i Svandal.

Vårt hyttefelt blei marknadsført med lett tilgang til skisenteret i tillegg til at det skulle komma turløyper i nærleiken som skulle binde hyttefelta i Svandal saman i eit løypenett. Svandalen Fjellgrend trinn 1 blei starta i 2011 og siste hytta kom på plass i 2018. På same tid har det skjedd lite eller ingenting på løypefronten. Det har vore nokre møter mellom hytteforeininga og Sauda kommune utan at det har kome konkrete lovnadar.

Det pågår fleire initiativ rundt etablering av turløyper, mellom anna frå Åsane Hytteforening, og Sauda kommune bør merke seg at det er stor interesse blant hyttefolket for å få realisert det kommunen sjølv vedtok då dei behandla kommunedelplanen for Svandal i 2008. Her snakkar vi primært om løyper som kan brukast både sommar og vinter og som utgjer eit lågterskel-tilbod for dei som ikkje enda har utvikla vardesjuke.

Utgangspunktet for forventninga rundt turløyper ligg i kommunen sitt eige planverk og reguleringsplanar. I dokumentarkivet til Sauda kommune finn ein særs gode og framtidsretta dokument som mellom anna beskriv korleis Svandal som område var tenkt utvikla den gongen det var tilsett ein eigen prosjektleiar for Svandal.

I vedtaket for kommunedelplan for Svandal frå 2008 står det mellom anna om løypefond:

«For å kunne utvikle løypenettet i Svandalen videre foreslås det at hver ny enhet som bygges i Svandalen (hytter og leiligheter) betaler inn en sum på kr 5 000,- til et løypefond. Formålet med dette fondet er å utvikle løypenettet for turløyper i Svandalen videre. Midlene kan ikke benyttes i skitrekket, da kommunen ikke kan kreve inn anleggsbidrag som driftstilskudd der private aktører driver kommersiell drift. Midlene kan heller ikke brukes til årlig løypekjøring eller annen drift, da anleggsbidrag ikke skal brukes til drift. Disse midlene må benyttes til opparbeiding eller utvidelse av løypenettet i Svandalen. Dette kan omfatte oppgaver som bygging av broer over bekker for ski- og turløyper, opparbeiding og oppmerking av nye løyper etc.»

Hytteeigarar i Svandalen Fjellgrend har via utbyggjar betalt inn kr. 5000,- pr. hytte til løypefondet. Pengesummen er i størrelsen symbolsk men den forpliktar likevel. Det ligg ei soleklar forventning frå oss som har betalt inn at midlane skal bli brukt i tråd med avtalen og me kan ikkje sjå at kommunen lever opp til eigne vedtak og ambisjonar for området. Pengane har stått ubrukt i snart ti år så det er på høg tid at det skjer noko. Utbyggingsavtalar gjeld også for trinn 2 av Svandalen Fjellgrend som nå er under opparbeiding med 70 nye hytter. Som ei sidenote merkar me oss at det i reguleringsplanen for Haugane 3 vedtatt i 2017 ikkje blei lagt inn krav om utbyggingsavtale tilknytt løypefondet. Dette viser at Sauda kommune ikkje fylgjer opp eige planvedtak og på denne måten forskjellsbehandlar utbyggjarar. Her har kommunen og ikkje minst hytteeigarane i Svandal gått glipp av pengar som skulle vore brukt i tråd med intensjonen til løypefondet.

Det er for oss uklart kva som utgjer den største hindringa for kommunen i å etterleve eigne vedtak. Det blir peika på manglande interesse/samarbeidsvilje hos enkelte grunneigarar. Dette framstår likevel noko merkeleg sidan dei fleste grunneigarane i Svandal har utvikla og/eller regulert inn hyttefelt, og derfor burde ha særleg interesse i at det blir etablert løyper som grunnlag for si marknadsføring.

Også i arealdelen av den nye kommuneplanen 2019 – 2031 som blei klubba gjennom den 20.05.2020 står turløyper i Svandal spesifikt nevnt: Turveg/turdrag: Turløyper sommar og vinter er avmerkt i kartet. Det er lagt inn forslag til ei framtidig skiløype mellom Sauda skitrekk og Rabben i Svandalen.

Skildringa i den nye kommuneplanen er heilt i tråd med våre ønske og forsterkar forventninga om at noko snart bør være i emning. Ei løype i dette området vil tene grunneigarar, saudabuen, hyttefolket og Sauda Skisenter.

Utfordringa til Sauda kommune er klar; WALK THE TALK!