La det vera ein vekkar

Utan å vera klar over det, vedtok politikarane i kommunestyret i desember å auka avgiftene for vatn og avløp per husstand med over 3 000 kroner meir enn det var grunnlag for. At glippen blei oppdaga før rekningane blei sendt ut, synest ganske tilfeldig. Første etter at lokalavisa hadde kontakta kommunen, blei feilen avdekka.

Kommunen sitt gebyrregulativ er eit 24 sider stort dokument med prisar for tenester kommunen tar betalt for. Innhaldet strekker seg frå kaiavgifter til barnehageprisar og billettprisar på kinoen. Og avgifter for vatn og kloakk. Alle prisane er oppgitt med fjorårets, årets og forslag til neste års prisar.

«ingen ber om ei forklaring på at forbruksavgifta på vatn nesten blir dobla»

Med eitt lite unntak blei heile prislista forbigått i det stille av kommunestyret. Ingen fann grunn til å stilla spørsmål om kvifor forbruksavgifta for avløp hadde stige med 68 prosent. Kanskje fordi det var bygt kloakkreinseanlegg på Tangen til 40 millionar kroner, og at det dermed var å forventa. Men at ingen ber om ei forklaring på at forbruksavgifta på vatn nesten blir dobla, utan store investeringar å visa til, det er urovekkande.

«Sjølvkostfinansiering er ei skummel tante.»

Sjølvkostfinansiering er ei skummel tante. Vatn, avløp og renovasjon blir alle finansiert via sjølvkost. Det fine med denne finansieringa er at ho ikkje belastar kommunebudsjettet og med det er lite til bry for politikarane. Det mindre fine er at alle utgiftene blir direktebelasta innbyggarane. Dei politikarane som meiner den relativt låge vatn- og avløpsavgifta ein har hatt, samanlikna med nabokommunane, kan vera eit signal om at ein har investert for lite i sektoren. Ser ein på økonomiplanen, der det ligg forslag om å investera ytterlegare 146 millionar dei neste fire åra, har dei også eit poeng, dei partia som meiner ein bør moderera ambisjonane framover. Alle kostnader, både til drift og investeringar, skal altså betalast av hus- og hytteeigarar i Sauda. Om den årlege summen er for låg, passe eller for høg, får den enkelte avgjera. Uansett må ein kunna forventa at beløpet er rett. Og at politikarane følger med og ikkje lar sjølvkostområda segla sin eigen sjø.

Det er forståeleg at merksemda til politikarane i hovudsak var retta mot pengemangel og vanskelege kutt i alle sektorar under haustens budsjettbehandling. Dette fritar imidlertid ikkje dei folkevalde frå ansvaret for vedtaket dei har fatta.