Politikk, offentleg mynde og næringsliv

Det er nå ein gjennomgang av innkjøpsreglementet og innkjøpsvilkåra til kommunen. Desse blei framlagde i formannskapet i januar i år, men blei returnerte til administrasjonen fordi tidlegare vedtak om seriøsitetsbestemmelsar ikkje var inkluderte i framlegget. I samband med denne gjennomgangen har det vore stilt spørsmål ved om Sauda kommune opprettheld likebehandlingsprinsippet mellom bedrifter i anbuds-konkurransar.

Sauda Arbeiderparti har nå teke initiativ til dialog med bedriftene gjennom Sauda Vekst. Høg tillit mellom oppdragsgjevar og næringsliv er ein føresetnad for eit godt klima i arbeidslivet, og me trur det er viktig å opne opp for innspel frå næringslivet når reglement for innkjøp skal diskuterast. Me trur medverknad under utforming av regelverk og vilkår er viktig, men også forståing og tolking av regelverket.

Det er klageorganet for offentlege anskaffelsar (KOFA) som avgjer kva som er «innafor» når det gjeld innnkjøp og anbod. Dei har og mynde til å ilegge bøter eller gebyr, noko som Sauda har fått erfart ved eit par høve. Rollen til politikarane oppi dette er å sørge for at me har eit regelverk som er forståeleg både for bestillar og leverandør. Vårt initiativ overfor Sauda Vekst vil forhåpentleg ha ein førebyggande effekt, og vere eit bidrag til at næringslivet opplever å bli behandla på ein fair og likeverdig måte.

Me ser fram til ein god dialog