Vern betyr vern!

Senterpartiet og Frp vil byggje ut verna vassdrag. Det kan me ikkje tillate. Me har 390 verna vassdrag i Noreg. Åbødalsvassdraget og Hustveitelva er to av desse verna vassdraga.

Me må ta vare på naturen vår – og dei unike og vakre vassdraga er spesielt viktige. Både fordi dei er viktige friområde for oss menneske, men mest av alt fordi her lever ei rekke trua artar. Livet i og langs elvene er unike økosystem, der insekt, fugl, fisk og pattedyr har sitt livsmiljø. Liva deira er uløyseleg knytt til elva.

Venstre har i årevis kjempa for vern av verdifulle vassdrag. Me sto i kampen for Altaelva på 70-tallet og sto bak det første vernevedtaket som kom i 1973. Litt etter litt, har fleire fått augene opp for kor viktig det er å verne vassdrag som er spesielt verdifulle. Her burde det verkeleg ikkje vere rom for omkamp.

Difor er det oppsiktsvekkande at Senterpartiet og Framstegspartiet på Stortinget no prøver seg på akkurat det. I førre veke stemte desse to partia for eit forslag om å gjere om vernevedtak og opne for kraftutbygging i verna vassdrag.

Når Sp og Frp ynskjer å skrote vernevedtak, viser dei nok ein gang at dei ikkje evnar å ta på alvor at me lever i ei tid der dyre- og planteartar døyr ut i eit stort tempo. FNs naturpanel la i 2019 fram ein rapport som viser at menneskeleg aktivitet truar eksistensen til ein million artar. Me har ikkje berre ei klimakrise å løyse, me må også redde naturen vår.

Venstre er for at me skal auke produksjonen av fornybar kraft i Noreg. Men dette må gjerast på ein skånsam måte, utan at me øydelegg verneverdig natur. Regjeringa har no lagt fram ein klimaplan som er eit historisk taktskifte i norsk klimapolitikk. Me skal gjennomføre den planen utan å byggje ut verna vassdrag. Me skal stanse klimaendringane samstundes som me tek vare på naturen.

Difor slår Venstre ring om dei verna vassdraga og naturen vår. Me har stramma inn på vindkraftpolitikken, slik at me kan ta betre omsyn til naturen. Me vil betre kraftproduksjonen i eksisterande vassdrag som er bygd ut, men ikkje leggje vern til sides. Med Venstre ved makta har fleire vassdrag vorte verna, seinast Øystesevassdraget i 2019. Det er me stolte av.

Venstre har alltid kjempa for å ta vare på naturen. Det skal me halde fram med å gjere, viss du gir oss fortsatt tillit ved stortingsvalet til hausten.