Miljøgate gjennom Sauda sentrum er eitt av tre vegprosjekt som fylkesrådmannen prioriterer fram.
Miljøgate gjennom Sauda sentrum er eitt av tre vegprosjekt som fylkesrådmannen prioriterer fram. FOTO: Frank Waal.

Tre vegprosjekt i Sauda er framskunda

Fylkestinget auka vegbudsjettet til fylkeskommunen under budsjettmøtet i desember. Fleire fylkeskommunale vegprosjekt blir framskunda, deriblant tre prosjekt i Sauda.

Fylkestinget valte i desember å bevilge meir pengar til fylkesveg enn det fylkesrådmannen foreslo. Nå har fylkesrådmannen utarbeidd oversikt over kva fylkeskommunale vegprosjekt som rykker fram i køen som følge av tilleggsbevillinga.

Tre av desse vegprosjekta er i Sauda. Dette er:

– Fylkesveg 520 mellom Sauda og Saudasjøen.

– Gang- og sykkelveg mellom Nesbrua i Saudasjøen og Saunes.

– Miljøgateprosjektet i Sauda sentrum mellom Nordelv bru og krysset Kyrkjegata/Brugata.

Alle desse tre prosjekta låg alt inne i planane til fylkeskommunen, men dei ekstra vegmidla gjer at det er pengar til å starte opp desse prosjekta raskare enn kva som ville blitt realiteten utan ekstrabevillinga.

Tryggare vegar

Brugata som Miljøgate fram til Nordelv bru er eit prosjekt som skal gjere gata tryggare for mjuke trafikkantar.

Gang- og sykkelvegen frå Nesbrua i Saudasjøen til Saunes er eit prosjekt som skal bli utført saman med opparbeidinga av det nye krysset ved Grønsdal-avkjøringa. Det er særleg frå Nesbrua til Nestunnelen, og gjennom Nestunnelen, det er størst behov for utbetringar for å gjere vegstrekket tryggare for gåande og syklande. Blant anna er det vurdert om det skal byggast ein eigen gang- og sykkeltunnel parallelt med Nestunnelen, men dette er ennå ikkje endeleg vedtatt. Uansett er dagens Nestunnel lite trafikkvennleg for gåande og syklande på grunn av smalt fortau.

Det tredje prosjektet fokuserer mest på strekket frå Saunes til Sauda sentrum. Det manglar ein tilfredsstillande gang- og sykkelveg på dette strekket. I tillegg må vegbanen gjennom Fløgstadvika flyttast nærare fjorden for å gjere plass til gang- og sykkelveg.

Pengar alt i år

I dei reviderte planane er det til Miljøgata nå lagt inn 1,2 millionar kroner i år, 1,2 millionar i 2022, 4,5 millionar i 2023 og 6,5 millionar i 2024.

Til gang- og sykkelveg frå Nesbrua til Saunes er det nå lagt inn 1 million kroner i år, 2 millionar i 2022, 2,5 millionar i 2023 og 3 millionar i 2024.

I prosjektet Fylkesveg 520 frå Sauda til Saudasjøen er det lagt inn 1,5 millionar kroner i år, 0,5 millionar i 2022, 18 millionar i 2023 og 11 millionar i 2024.

Også ny tunnel på Fylkesveg 46 ved Skipavåg har nå blitt prioritert fram. Her er det lagt inn 2,5 millionar kroner i 2022, 7,5 millionar i 2023 og 8 millionar i 2024. Etter 2024 vil det framleis vere behov for 192 millionar kroner for å sluttføre dette prosjektet.

Glad på Saudas vegner

I ein uttale til Ryfylke seier dei to Ap-representantane på fylkesnivå, Tom Kalsås og Asle Rafdal, at dei er glade for at tilleggbevillinga som blei vedtatt av fylkestinget i desember, nå kjem saudasamfunnet til gode gjennom dei tre vegprosjekta som nå får høgare prioritet.

Gruppeleiar Tom Kalsås opplyser at posisjonspartia i fylket ønska ein høgare pott til fylkesvegane. Samferdselsutvalet i fylket støtta fylkesrådmannens nye prioriteringsliste da dei behandla saka onsdag.