Gro Iren Løland og Iver Bjerga Øverland fekk onsdag prøvd seg for første gong i hoppbakken, og dei beskriv begge det som ei spennande og morosam erfaring. Alle foto: Andreas Isaksen.
Gro Iren Løland og Iver Bjerga Øverland fekk onsdag prøvd seg for første gong i hoppbakken, og dei beskriv begge det som ei spennande og morosam erfaring. Alle foto: Andreas Isaksen. FOTO: Andreas Isaksen.

Niandeklassingar hoppa i det:

– Fekk skikkeleg sug i magen

Onsdag drog ein valfagklasse frå ungdomsskulen til Brattebakken. Målet var å teste eigne grenser, prøve noko nytt og ha det gøy saman.

– Vi er kjempeimponerte av dei. Det er bare ein i klassen som har hoppa på ski her i bakken før, men det er utruleg kjekt å sjå korleis dei pushar seg sjølv til å prøve. Elevane er ulike, og har ulike føresetnader, men her har alle det gøy, enten dei renner i unnarennet med plastsekkar eller hoppar på ski i den største bakken, fortel lærar Anne Kristine Kanestrøm.

Saman med lærarkollega Elisabeth Åsheim og lærling Ingrid Steen Wetteland følger ho spent med når den eine eleven etter den andre sett utfor bakkane. Det er høg fart, høg støyfaktor og stort sett middels teknikk. Gledesfaktoren er det derimot ingenting å seie på.

– Å vere ute og bevege seg, og samtidig få prøve seg i ein idrett som er heilt ny for dei, det er verdifullt. Det er imponerande kva dei tør. I dette valfaget, som heiter ”Fysisk aktivitet og helse”, forsøker vi å vere innom mange ulike idrettar. Kanskje finn nokre av elevane noko dei verkeleg likar, men det viktigaste er at dei får glede med bevegelse, seier Elisabeth Åsheim.

Satsar på langrenn

For elevane Iver Bjerga Øverland (14) og Gro Iren Løland (14) blei det aller første møtet med hoppsporten positivt og gøy. Iver driv til vanleg med langrenn, men storkoste seg med lange svev og høg fart.

– Eg haldt meg på beina, og det er eg nøgd med. Eg fekk eit skikkeleg sug i magen då eg hoppa. Kjempegøy var det, fortel han til Ryfylke.

Iver fortel vidare at det ikkje var eit vanskeleg val å ta då han valte ”Fysisk aktivitet og helse” som valfag. Han meiner det generelt er for lite fysisk aktivitet i skulen.

– Det er for lite gym i skulen, synes eg. For meg var det eit enkelt val. Dette er ein kjempekjekk dag for oss. Å sitte inne heile dagen er ikkje like gøy, smiler han.

Om det blir meir skihopping på Iver er usikkert. Han trur han har større sjansar til å hevde seg i sporten han til vanleg driv med, i skisporet.

– Det var veldig greitt å ha prøvd dette, men eg er mest komfortabel når eg har stavar i hendene. Eg satsar på langrenn, og har trua på det, slår han fast.

Driv med karate

Klassevenninna Gro Iren seier seg einig i at skulen generelt har for lite aktivitet. På same måte som Iver, fekk ho onsdag sine aller første hopp på ski.

– Det var faktisk litt enklare enn eg trudde. Eg klarte å holde meg på beina, så det gjekk overraskande greitt, fortel ho.

Gro Iren er ei aktiv idrettsjente, men for ho er det verken langrenn eller hopp som gjeld. Ho har nemleg brunt belte i karate, ein hardtslåande sport ho har drive med i omlag fire år.

– Eg trenar karate hos Makotokai i Sauda, og det trivst eg veldig godt med, fortel ho, men legg til at ho synest det er positivt at valfagklassen får testa ut ulike idrettar. Det fins fortsatt idrettar ho kunne tenkt seg å prøve.

– Motocross hadde vore skikkeleg gøy å prøve. Det har eg lyst til, seier ho.

Også Thomas Håheim Lund (15) fekk nokre svev i Brattebakken onsdag. Han driv til vanleg med freeski, så hopp med ski på beina er han kjend med. Han drar like godt til med eit 180 graders hopp, med landing bak-fram. Landinga er kontrollert og uanstrengt.

– Det var gøy, og eg fekk prøvd meg med skikkelege hoppski. Eg brukte twintip-skia då eg gjorde 180-en. Hoppskia er mykje lengre, men det gjekk greitt. Dette er ein skikkeleg god skuledag, smiler han.

Låner ut utstyr

Det var lærarane som tok kontakt med Halvor Seltveit i hoppgruppa i Sauda Idrettslag. Dei fortel at han svarte ja på flekken då dei spurte om dei kunne få prøve seg i bakken. Sjølv stiller han aktivt opp og hjelper elevane med både utstyr og tips til hoppteknikk.

– Om vi kan rekruttere nokre elevar til denne sporten, så er det sjølvsagt veldig bra for oss. Det er ikkje alle som veit om denne mulegheiten, men vi stiller som regel opp og hjelper til og låner ut utstyr når nokon har lyst til å kome og prøve seg på skihopping. Det er veldig kjekt å sjå nye fjes her oppe, seier han.