Saudatunnelen er løfta fram – og me må fortsette arbeidet!

Måndag denne veka meldte Stavanger Aftenblad på leiarplass at Saudatunnelen er eit aktuelt prosjekt som vil ha stor regional og nasjonal betydning.

Dette viser at arbeidet som er gjort i Saudatunnelprosjektet er godt, og at synleggjeringa av effektane ved å kobla saman industrimiljøa i Sauda, Kvinnherad og Hardanger har vore viktig. Dette er flott, men me må fortsette slik at me kjem i mål!

Leiaren i Aftenbladet peikar og på innstillinga frå Demografiutvalet, leia av Victor Normann, som understrekar at levedyktige samfunn er avhengige av gode kommunikasjonar. Både dette utvalet og Distriktsnæringsutvalet trekk fram infrastruktur og samanbinding av regionar som viktig for å oppretthalde verdiskaping og berekraftige distriktssamfunn. Sauda har som kjent engasjert seg breidt i dette utvalsarbeidet med innspel både i forkant og i høyringsarbeidet som nå pågår. Distriktspolitikk vil bli ein viktig del av valkampen fram mot hausten. Då må Sauda og me som bur her vera i posisjon til å bli ein del av biletet når nasjonal politikk skal vedtas.

Saudatunnelen – del av ein heilskap

Saudatunnelen passar godt inn når utvalsarbeidet skal opp på den nasjonale agendaen. Tunnelen vår kortar inn avstandar, bygger saman regionar og er viktig for næringslivet. I tillegg skjer det ei enorm utvikling på E134 om dagen. Denne vegen vil bli satsa på som aust-vest forbindelse, og det skal nå gjerast ei konseptvalutgreiing om å laga ein arm til Bergen frå denne vegen, ikkje langt ifrå der Saudatunnelen koplar seg på E134. Det blir og jobba knallhardt politisk for å få inn strekninga Bakka – Solheim i Etne og Vindafjord i kommande Nasjonal Transportplan. Saudatunnelen kan bidra med auka samfunnsnytte på denne strekninga, slik som alle prosjekt på E134 også gir auka samfunnsnytte for Saudatunnelen.

Pengane er der

Eit viktig element Distriktsnæringsutvalet peikar på er at ein større del av verdiskapinga må leggast igjen i lokalsamfunna der denne verdiskapinga skjer. Sauda har høg produksjon av fornybar kraft, eit lønsamt smelteverk og eit variert næringsliv som går godt. Det blir årleg skapt store verdiar i Sauda, og næringslivet omset for meir enn 4 milliardar kroner i kommunen vår. Forslaget frå Sauda kommune og Sauda Vekst er at meir av den verdiskapinga som i dag går til staten, skal kanaliserast tilbake til Saudatunnelprosjektet. Dette har me fått støtte for også frå Haugaland Vekst som gir uttale på vegner av ti Haugalandskommunar. I tillegg skal «Ungdommens Distriktspanel» snart gi regjeringa sine råd om kva som skal til for at ungdommen skal busetta seg i distrikta i framtida. Her var Ungdomsrådet i Sauda klare i sin tale: Dei prioriterer det å komma seg kjapt frå A til Å ved å satsa på betre transport og veginfrastruktur som nummer ein i si tilråding til panelet.

Me må gjera oss store!

Sauda kan vera ei sterk stemme inn i den kommande stortingsbehandlinga. Det viste nyleg Stortinget si behandling av Statens Vegvesen sin trafikkstasjon i Sauda og ambulerande oppkøyring som er svært viktig for landslinja ved Sauda Vgs. Her mobiliserte me i Sauda breidt, noko som viste igjen når heile fem stortingsrepresentantar brukte Sauda som eksempel i ei sak som omhandla meir enn 70 trafikkstasjonar over heile landet.

Nå blir det viktig at saudabuen er med på å løfta Saudatunnelen vidare fram som eit godt og viktig prosjekt for heile den indre regionen me er ein del av. Betre vegar og kortare avstandar er viktig for Sauda si framtid. Då må politikarar, fagforeiningar, næringsliv og folk i Sauda gjera seg store og mobilisera dei politiske miljøa på alle nivå, slik at me får denne saka på agendaen også nasjonalt.