For første gong på mange år måtte Sauda skisenters Anita Nedrebø og Lars Reidar Fosstveit kjøpa og lesa kjendisbadet Se og Hør. Kan den motebevisste kronprinsen skapa ein ny mote med dette, tru?
For første gong på mange år måtte Sauda skisenters Anita Nedrebø og Lars Reidar Fosstveit kjøpa og lesa kjendisbadet Se og Hør. Kan den motebevisste kronprinsen skapa ein ny mote med dette, tru? FOTO: Ingvil Bakka.

”Heilt konge” reklame!

Sjekk kva kronprins Haakon hadde på hovudet då han blei fotografert av Se og Hør!

– Me fekk fleire meldingar på messenger og snap, og trudde at folk tulla med oss, at det var ein slags sånn Bernie Sanders-bildegimmik, der ein manipulerer noko inn eit bilde. Men så var det altså heilt sant. Og heilt fantastisk, seier dagleg leiar ved Sauda skisenter, Lars Reidar Fosstveit.

Veldig synleg lue-tekst

I denne vekas utgåve av kjendisbladet Se og Hør var det nok mange saudabuar som sette kaffien i halsen då dei skulle lesa artikkelen ”­ ­– Kongen er i fin form”. Saka handla om kong Haralds vellukka kneoperasjon nå nyleg, og bladet kunne fortella at majesteten hadde fått besøk av både dronninga og kronprinsen under sjukehusopphaldet. Kjendisbladet hadde i den samanheng knipsa eit bilde av kronprinsen, i tjukke og varme vinterklede, munnbind – og ei veldig tydeleg Sauda skisenter-lue på hovudet.

– Dette er heilt konge! Bokstaveleg talt! For kronprinsen vikarierte for kongen då han var innlagt på sjukehuset, så Haakon var faktisk konge då bildet blei tatt, smiler Fosstveit fornøgd.

Se og Hør kunne, under dette bildet, fortella at kronprinsen var saman med far sin eit par timar same dag som han blei operert. Det er lett å lesa ”SAUDA” på lua hans.

Så kan ein lura på korleis det kan ha seg at sjølvaste kronprins Haakon har ei Sauda skisenter-lue, ei lue som tydelegvis ligg lett tilgjengeleg framme for den motebevisste monarken. Lua kom, etter alt og døme, inn i kongefamilien, i 2019.

– I april dette året var prinsesse Ingrid Alexandra deltakar i Sauda Backcountry Challenge her i Svandal, fortel Fosstveit.

Prinsessa og hennar delegasjon enda opp med å vera lenger i Sauda enn planlagt, og 15-åringen fekk med seg både ein tur i utebadeanlegget i Saudahallen og eit måltid på Kraft kafe i kulturhusbygget.

Gav lua til Ingrid Alexandra

Driftsleiar i Sauda skisenter, Anita Nedrebø, fortel at Ingrid Alexandra blei svært glad då skisenterleiinga ville gi henne ein Sauda skisenter-genser og ei Sauda skisenter-lue.

– Men dei rundt henne var litt skeptiske til at ho skulle ta imot reklame-materiell. Men det enda med at ho fekk ta imot det likevel. Faktisk klarte dei å gløyma genseren og lua her oppe, og kom eins ærend tilbake for å henta dei, fortel Nedrebø.

Og nå, snart to år seinare, er det altså kronprins Haakon som bruker lua til dottera.

– Det viser bare at dei i kongefamilien er som alle andre, at foreldra låner kleda av ungane sine, seier Nedrebø smilande.

– Det som fascinerer meg er at dette må jo vera ei lue som ligg lett tilgjengeleg framme. Eg veit kor fort gjort det er å ikkje finna igjen ei lue når ein har mange rundt om kring, seier Fosstveit, som ikkje kunne finna si lue då Ryfylke var på besøk.

– Var verdt heile investeringa

Sauda skisenter har fleire gonger investert i diverse reklame-materiell. Dette er gjerne genserar, luer og panneband som dei gir vekk i premiar eller har loddtrekking om. Dei har også selt luene til 99 kroner.

Fosstveit antydar at dei brukte rundt 10 000 kroner på å kjøpa inn eit lass med Sauda skisenter-luer, nøyaktig lik den kronprinsen bruker.

– Og me har jo hatt diverse reklame-stunt opp gjennom åra. Men ingenting som kan måla seg med dette. Dette bildet av kronprinsen med lua vår er åleine verdt meir enn heile investeringa, seier Lars Reidar Fosstveit, dagleg leiar i Sauda skisenter.