Litt meir økonomisk forutsigbarhet, kvar dag

Sjølv om eg aldri vart den store tilhengaren av Sosialistisk Venstreparti sitt syn på verda må eg ærleg innrømma at eg har sansen for mange av representantane dei har husa opp gjennom åra.

Den lokale representanten til Sauda SV i kommunestyret fell lett inn i rekkja av mange gode representantar frå partiet som ikkje er redde for å nytta seg av den store kanona anten det er munnleg eller skriftleg, ein frisking etter mitt syn.

Likevel tykkjer eg innlegget til representant Grasdal i lokalavisa føregåande tysdag ikkje harmonerer heilt med verkelegheita eg lever i.

Grassdal framstiller saka som at SV her fremja eit forslag som skulle gjera det slik at rørslehemma også skulle få nytta seg av dagsturhytteprosjektet utan at det hadde særleg betydning for prosjektet. Vidare antyder Grasdal at resten av kommunestyret sat stille som mus og ikkje ein gong ville ta diskusjonen. Dei ville rett og slett ikkje at ei lang rekke med namn og diagnosar skulle få nytta seg av dagsturhytteprosjektet.

Dette er sjølvsagt ikkje årsaka til at underteikna stemde imot forslaget til SV om å leggja til

«noe så enkelt og banalt som: Universell adkomst» som Grassdal skriv.

I sakspapira kjem det fram at Sauda kommune sitt bidrag til prosjektet er på nokre hundretusen kroner i tillegg til at dei må leggja til rette for parkering.

Dersom ein hadde lagt til universell adkomst i dette vedtaket kan eg i alle fall garantera at prislappen til Sauda kommune hadde mangedobla seg. Universell adkomst set krav til vegbredde fram til hytta, underlag, stigningsgrad og så bortetter, eit heilt anna prosjekt med andre ord.

Det er ingen hemmelegheit at Sauda kommune balanserer på ein knivsegg økonomisk sett og at det difor ofte er det første spørsmålet som melder seg: Kva vil dette kosta og kor skal me henta pengane ifrå?

Når Grassdal inntok talarstolen og fremja forslaget sitt, kunne eg ikkje sagt meg meir einig.

Det einaste som stoppa meg var tanken på kva kostar dette og kor skal ein finne pengane, men på det området var Grassdal slik han karakteriserer resten av kommunestyret: Stille som ei mus.

Dersom universell adkomst var avgjerande for korleis SV skulle stilla seg til dagsturhytteprosjektet, stiller eg meg undrande til kvifor ein ikkje kjem med så mykje som eit knyst om dette i forkant av møtet?

Representanten refsar kommunestyret for å ikkje ein gong ville ta diskusjonen. Ein diskusjon som skulle gå på å leggja til tekst i eit vedtak som ein ikkje ana konsekvensane av.

Forutan å vera i opposisjon skjønar eg heller ikkje kvifor SV her tek fram den store kanona all den tid dette berre var eit vedtak om at kommunedirektøren skulle gå vidare med prosjektet for så å leggja fram ei endeleg sak for kommunestyret med tenkt prosjekt og kostnad.

Når saka kjem opp til endeleg handsaming i kommunestyret håpar eg SV er ute i god tid og syner alle representantar korleis deira forslag vil endra prosjektet og korleis dei vil finansiera endringane.

Universell adkomst er eit ømtåleg tema og er i dag heldigvis i stor grad lovpålagd.

Min spådom er at alle representantar i kommunestyret støttar opp om dette i alle saker der det let seg gjera økonomisk og praktisk.