Tunnel-tid?

I juni er det 20 år sidan fylkestinget i Rogaland vedtok fylkesdelplanen for areal og transport i Ryfylke med ny veg mellom Sauda og Etne som eitt av delprosjekta.

Tålmodige saudabuar har sidan måtta konstatera at eitt etter eitt av dei andre prosjekta har kome på plass, mellom dei Sandsfjord bru i 2015, utan at det for alvor har blitt fart i planane om å knyta Sauda til aust-vest-stamvegen E134. Nå får imidlertid Saudatunnelen drahjelp frå fleire hald.

«Nå får Saudatunnellen drahjelp frå fleire hald.»

Tunnelprosjektet mellom Sauda og E134 i Etne er så langt historia om manglande politisk pondus, dårleg kondis, svake alliansar og uheldig timing. Politisk er det kjøtvekta som rår, og både Etne i Sunnhordland og Sauda i Ryfylke stiller i flogevektklassen. Det bidrar heller ikkje positivt at nabokommunen i sør snur ryggen til når Sauda ber om ei gjenyting for støtte til bru over Sandsfjorden. Ein skulle sjølvsagt hatt ein samferdselsminister a la Arbeidarpartiets Kjell Opseth (1936-2017) med på laget, mannen som avslutta 40 års krangling om ny hovudflyplass og som hestehandla seg fram til den 24,5 kilometer lange Lærdalstunnelen og med det sikra ferjefri E16 mellom Bergen og Austlandet.

Naturlegvis skulle lokale styresmakter halde stø kurs og arbeidd jamt og målretta for vegprosjektet i dei 20 åra, men innsatsen her har til tider vore heller lunken. Og så havna tunnelen i ein sørgjeleg skvis då riksveg 520 i 2010 blei til fylkesveg 520 og vegen fram mot statleg finansiering blei langt meir kronglete.

«Politisk er det kjøtvekta som rår»

Behova og ønska om nybygging og oppgradering av vegnettet i Norges langstrakte land framstår som eit botnlaust hol med omsyn til finansiering. Kampen om å nå fram med argumentasjonen for «sitt» prosjekt handlar i stor grad om alliansar, for slik å kjempa i tyngre vektklassar. Derfor har saudaordførar Asbjørn Birkeland heilt rett når han i ei ytring i dagens Ryfylke påpeikar at det nå er viktig at saudabuen mobiliserer for å få Saudatunnelen høgt opp på den politiske dagsordenen. Her har politikarar, næringsliv og fagforeiningar og andre interesseorganisasjonar ei uhyre viktig oppgåve med å samkjøra innsatsen og opplysa og påverka alle sine kontaktar på regionalt og nasjonalt nivå.

Med nasjonale utgreiingar signert Distriktsnæringsutvalet og Demografiutvalet i ryggen, i tillegg til stortingsfleirtalet sitt vedtak om å greia ut ein arm frå aust-vest-stamvegen E-134 mot Bergen, har Saudatunnelen brått fått hjelp. Dette er ein gylden mulegheit til å selja eit etterlengta vegprosjekt inn til statlege styresmakter – som må på banen med finansiering dersom prosjektet skal kunna realiserast.