Litt betre kvar dag – saman

I innlegget til Øyvind Grassdal i Ryfylke 9. februar vert det retta krass kritisk mot dei fleste representantane i Sauda kommunestyre. Få tek ordet, me argumenterer ikkje og det heile er avgjort på førehand av den styrande makta.

Til sjølve debatten, eller mangel på debatt, kan eg seie flg.: me kan alle bli kjappare i replikken og sørga for ein breiare debatt om saker som er til handsaming.

Likevel må ein ikkje gløyme at mykje av det politiske handverket blir gjort i forkant av møter. Dersom Grassdal hadde kome med innspelet sitt før møtet hadde det vore mogleg for representantane å tenkja seg om.

Kommunestyremøte på Teams er krevjande for ein kvar, ein har ikkje tenketida ein vanlegvis har når representantane forflytter seg til og frå talarstolen; her går det fort. Diverre var eg ikkje rask nok i møtet, men meiningar har eg og dei får du her.

Dagsturhytteprosjektet er absolutt ei gladsak! Det skal bli spanande å følgje tilråding frå prosjektet om plassering og drift. Ein stad det er lett å komma til for store deler av kommunen kan vera t.d. Fløgstadåsen.

Dagsturhytta skal vera eit lågterskeltilbod for turgåarar – ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Rundt om i Sogn og Fjordane, der prosjektet og idéen om dagsturhytte starta, er det oppført kring 30 hytter. Gamle Hordaland fylgjer etter, og no også Rogaland. Hyttene er plassert i ulikt terreng, og ja, nokre kommunar, som Masfjorden, har ein topografi der det let seg gjera å plassera hytta ved sjøen med lett tilkomst. Sauda har ein kupert topografi med høge bratte fjell og li, noko som gjer at turmål for det meste ligg høgt.

Sauda kommune er inne i ei omstillingstid. Politikarane krev stram budsjettkontroll og nøye vurderingar av alle nye tiltak, både investering og den følgjande drifta. Universell tilkomst vil, for det eg tenkjer er eit aktuelt turmål, krevje store inngrep i naturen til ein høg kostnad. Det er, reknar eg med, strenge reglar knyt til grad av helling og standard på ein universell turveg. Ved å legge inn SV sitt tilleggsforslag i vedtaket, der me ber administrasjonen komme tilbake med forslag til plassering og kostnad, er eg redd me hadde skrota heile prosjektet. Større investering, samt meir krevjande drift og vedlikehald av turveg kontra sti. Og kva med universelt utforma toalett?

Sauda kommune vil legga til rette for fysisk aktivitet for alle. Det gjer me. I Sauda har ein mange fine turmål med universell tilkomst, nokre av dei er SI-Glass-stranda, badeplassen ved Klovsteinstjødna og ikkje minst Andedammen.

Det er trasig at Grassdal og SV problematiserer dagsturhytta. Dette er ei gladsak for Sauda.

Me vil ha folk ut på tur!