Rådebank handlar om vanlege ungdommar med vanlege liv. Tema som psykisk helse blir skildra på ein realistisk måte.
Rådebank handlar om vanlege ungdommar med vanlege liv. Tema som psykisk helse blir skildra på ein realistisk måte. FOTO: Max Emanuelson/Fenomen/NRK

Derfor bør du sjå Rådebank saman med ungdomen din

Nordmenn har omfamna den NRK-produserte serien Rådebank, og det er med god grunn.

Serien skildrar ein kompisgjeng tilhøyrande rånemiljøet i Bø i Telemark. På overflata lever dei eit bekymringslaust liv der bilkøyring, energidrikk og Wunderbaum er limet i tilvêret.

Ungdomsgjengen er ikkje unik, og enkeltpersonane som blir portrettert er verken ekstreme eller urealistiske. Dei er heilt vanlege ungdomar med heilt vanlege liv – på godt og vondt. Kjærleik, familie, forventningar og venskap er elementa som gir ungdomane både gleder og utfordringar. Men kva tør ein å dele med kompisane sine? Kva tør ein dele med foreldra sine? Vil ein miste status og respekt i ein venegjeng, om ein erkjenner at ein sjølv slit psykisk?

Rådebank er vel verd å sjå saman med ungdommane i huset, skriv journalist Andreas Isaksen. FOTO: Max Emanuelson/Fenomen/NRK

Dette er hovudspørsmåla som serien Rådebank skildrar. Ikkje gjennom overføleri og overforklaringar, men gjennom karakterar som er lette å forstå, lette å kjenne seg igjen i, og som har mange lag. Dei tar ikkje alltid dei rette vala, og dei er ikkje alltid like flinke til å sette ord på det dei føler og fryktar. Å halde fasaden overfor gjengen er til tider ekstremsport, og konsekvensane kjem som knyttneveslag for sjåarane av serien. Det er til tider vondt å sjå Rådebank, og det er derfor serien er så viktig. Som sjåar får ein lyst å både filleriste og klemme ungdomane i serien, og rope til dei ”Kvifor seier du ikkje noko til nokon?”

Dei vaksne personane i ungdomane sine liv gjer heller ikkje alt rett. Dei er dels uoppmerksame, dels uvitande og dels opptatt med eigne utfordringar. Å lese ein 18-åring som ikkje vil opne seg, er ikkje enkelt, men skal ein som vaksen godta fråvær, korte svar og bortforklaringar frå ein 18-åring som ein trur kan slite med noko?

Rådebank er ein serie der tematikken rundt psykisk helse blir skildra realistisk, og utan effektar og sensasjon. Livet er dramatisk nok i seg sjølv. Alt løyser seg ikkje, og alt går ikkje fort over. Likevel er det tydeleg at det å erkjenne eit problem for nokon ein stoler på, kan ta bort all verdas tyngde frå skuldrene til ein 18-åring. Å sjå Rådebank saman med ungdomen i huset vil vere samlande rundt eit tema som ikkje er lett å ta opp. Bevisstgjeringa rundt nettopp det å opne seg til vener og familie er i Rådebank formidla på eit språk som er forståeleg, og som ikkje rettar peikefingeren mot nokon. Dette er ein effektiv måte å la seg bli dratt inn i eit viktig tema i ein serie det er umuleg å ikkje bli engasjert i, og som gjør sterkt inntrykk både på godt og vondt. Slik eg ser det burde serien vere pensum det siste året på ungdomskulen.