Forståeleg, men feil

Sjukepleiarmangel får fleire av Sauda sine nabokommunar til å åpna lommeboka på vidt gap i jakta på sårt tiltrengt kompetanse.

Å tilby nye sjukepleiarar høgare løn enn den sentrale tariffen kan gjerne hjelpa Suldal og Hjelmeland ut av ei kortsiktig knipe. Det overliggande problemet blir imidlertid ikkje løyst på denne måten – bare flytta til ein annan stad.

«Det er ikkje vanskeleg å argumentera for at det generelle lønnsnivået i yrket er for lågt»

Både sjukepleiarar og andre yrkesgrupper som er sentrale i samfunnet sin produksjon av velferdstenester, fortener sjølvsagt ei anstendig lønn som står i stil med belastninga dei møter i arbeidskvardagen. Det er ikkje vanskeleg å argumentera for at det generelle lønnsnivået i yrket er for lågt samanlikna med den viktige rolla sjukepleiarane har – både med og utan koronaspøkelset på lur. Ein konkurranse om arbeidskrafta, slik ei rekke kommunar legg opp til ved å tilby betre betalt enn nabokommunen, vil på kort sikt gjera mindre velsituerte kommunar og innbyggarane deira til taparar. På lengre sikt er det fare for at alle landets kommunar kjem dårlegare ut av ein slik praksis.

Om fleirtalet av norske kommunar heng seg på trenden med å bruka lønn som verkemiddel for å lokka til seg viktige yrkesgrupper, oppnår ein fort den velkjende Bislett-effekten. Den som oppstår når ein tilskodar reiser seg på tribunen for å sjå betre. Den første opnår betre sikt, men tvingar samtidig alle dei andre til å reisa seg for ikkje å mista utsikten. Resultatet blir at alle kjem dårlegare ut av det: Alle står, men ingen får betre utsikt. Parallellen blir at alle kommunane hevar sjukepleiarlønna, utan å klara å gjera seg meir attraktive enn dei andre. Resultatet blir auka driftsutgifter for kommunane og påfølgande krav frå andre yrkesgrupper om tilsvarande løft.

Ein annan parallell, til Bø i Vesterålen, som ville setta ned formueskatten for å lokka til seg rikingar og med det auka inntektene, er for øvrig ganske nærliggande. Resultatet dersom mange nok kommunar kopierte Bø er naturlegvis at folk med stor formue generelt hadde betalt mindre skatt på bekostning av kommunane.

«Lønnskampen bør skje gjennom forhandlingar og tariffavtalar»

Sjukepleiarane vil sjølvsagt kunna nyta godt av at mangelen på deira kompetanse fører til solide lønnshopp. Det ville på ingen måte vera ufortent om samfunnet si takksemd overfor denne viktige yrkesgruppa ikkje bare kom til uttrykk i festtalar, avisspalter og sosiale medium, men også på lønnsslippen. Lønnskampen bør imidlertid skje gjennom forhandlingar og tariffavtalar, og ikkje i form av ein auksjon om arbeidskrafta.