For einkvar pris?

Er saudasamfunnet så sveltefora på nyetableringar og nytt næringsliv at lokale styresmakter gløymer å stilla dei viktige, kritiske spørsmåla når nokon bankar på døra? Eller er all aktivitet god aktivitet, uansett kva konsekvensar som følger med?

Sauda har, mildt sagt, opplevd mykje stang ut når det kjem til å lokka til seg nye næringsetableringar og nye arbeidsplassar dei siste tiåra. Trass i langvarig og strategisk innsats har agna som er lagt ut i form av areal og god tilgang på kritisk infrastruktur så langt gitt mager fangst.

I avisa i dag står to representantar for landbruksnæringa fram med kritikk av avgjerda om å selja ei kommunal industritomt til etablering av ein helikopterbase på Birkelandsmoen. Kritikken omhandlar plasseringa av basen og støy- og støvplagene dette vil medføra for landbruket og for andre aktørar i nærområdet. I tillegg stiller dei spørsmål ved om salet harmonerer med kommunen si restriktive linje for sal av industritomter.

I 2019 arbeidde lokale krefter hardt for å legga til rette for produksjon av kryptovaluta i den nedlagde kraftstasjonen Sauda I i Hellandsbygd. Investeringar i 200-millionarsklassen i «bygdå» og på Birkelandsmoen og 20-30 nye og sårt tiltrengte arbeidsplassar framsto som nesten for godt til å vera sant. Ei statleg endring av avgiftsreglane for denne typen verksemd gjorde til slutt at etableringa i Sauda blei skrinlagd.

«naivt å tru at all ny næring kan etablerast heilt utan konsekvensar»

Dei to døma over er ulike, men har likskapstrekk. Ein helikopterbase vil vera svært positiv for lokalt næringsliv som nyttar seg mykje av flytenester. Både selskapet og dei tilsette vil dessutan kjøpa varer og tenester lokalt. Eit datasenter ville sannsynlegvis ført til attraktive oppdrag for lokale næringsaktørar, samtidig som ei i saudamålestokk storetablering av arbeidsplassar kunna gitt eit lite løft i folketal og skatteinngang. Samtidig vil òg ville dei to også ført med seg andre konsekvensar. Ein helikopterbase fører naturlegvis til støv og støy, og i dette tilfellet spørsmål om arealdisponering. Støy ville også vore tema ved eit kryptovalutasenter. Og ville det vera rett å bruka straum på nivå med eit lite smelteverk til å laga virtuelle pengar? Problemstillinga syntest i 2019 å drukna i lovprisinga av den førespegla nyetableringa.

«Det er lett å la seg riva med»

Det vil sjølvsagt vera naivt å tru at all ny næring kan etablerast heilt utan konsekvensar for omgivnadene, anten det handlar om utsikt, støy eller andre forhold. Det er lett å la seg riva med av utsiktene til nyetableringar, særleg når det går langt mellom kvar gong fast fisk er innan rekkevidde. Å stilla kritiske spørsmål og med det kvalitetssikra også minussida av ei sak, er imidlertid viktig for at sluttresultatet skal bli best muleg for flest muleg.