Ryfylke lanserer i dag sin eigen app.
Ryfylke lanserer i dag sin eigen app. FOTO: Skjermdump.

Ryfylke-nytt rett i lomma

Vil du ha varsel frå avisa når noko spennande skjer? Då bør du lasta ned Ryfylke sin eigen app.

Nå kan Ryfylke sine abonnentar få nyheiter frå lokalavisa rett inn på eigen mobil gjennom avisa sin eigen mobil-app. Dermed får lesarane ein snarveg rett inn til sakene som blir publisert på nettsidene www.ryfylke.net.

I appen kan du òg velja om du ønsker å bli varsla når spesielle nyheitssaker blir publisert, såkalla push-varsel.

Ryfylkeappen er tilgjengeleg for både Iphone og Android-telefonar og kan lastast ned frå AppStore eller Google Play.