Eit slag for distrikta

Ei skeivfordeling av vaksinar vil gjere at det høge smittetrykket i Oslo rammar distrikta.

På tysdag sa helseminister Bent Høie ja til å skeivfordele vaksinar. Tre prosent av vaksinane til 330 av landets kommunar og bydelar skal gå til dei hardast ramma bydelane i Oslo, samt Lørenskog og fleire østfoldskommunar.

Effekten skeivfordelinga vil ha på dei belasta område er omdiskutert. Dette påpeiker også kommuneoverlege Knut A. Omdal i dagens avis. Skeivfordelinga kan vere ulovleg fordi staten då har bestemt at nokre personar i Norge får nødvendig helsehjelp på bekostning av andre. Dette har smitteverndirektøren sagt at Helsedirektoratet sine juristar skal sjå på.

Norge er eit land der likskap står sterkt uavhengig av kva parti som styrer. Bent Høie seier at han ikkje veit om andre land i Europa som skeivfordeler vaksinar geografisk. Likevel skal likskapslandet Norge gjere forskjell på folk på bakgrunn av kor dei bur.

Ei skeivfordeling av vaksinar vil gjere at det høge smittetrykket i Oslo rammar distrikta. Vaksineringsprosessen vil dra ut og det same vil tida der folk må overhalde smittevernstiltak. Det er ikkje bare i Oslo folk har måtte leve med strengt smittevern.

Det er byrådsleiaren i Oslo, Raymond Johansen, som har stått i bresjen for få fleire vaksinedosar til Oslo. Dersom ein skal fordele ressursar etter kor behovet er størst, er det liten tvil om at behovet for samferdselsmidlar og avstandsuavhengige arbeidsplassar er større i distriktet enn i dei store byane. Ein distriktskommune som Sauda håpar gladeleg at Raymond Johansen følger opp retorikken sin og gir sin fulle støtte når framtidige samferdselsmidlar og avstandsuavhengige arbeidsplassar skal fordelast etter den same behovsprøvinga.