Ryfylkeaksjonen2020 har ikkje svikta Sauda

Thormod Gilje skal ha honnør for engasjementet og arbeidet han har lagt ned i hurtigbåtsaka. Ankepunktet vårt er at han bommar på bestillinga.

Då fylket tok kontakt med ryfylkekommunane over nyttår bad dei om innspel som kunne gi innsparingar, og særskild forslag til løysingar som gagnar heile Ryfylke.

Gilje har interessante meiningar og vinklingar, men det heile vert litt bruk av kanon på spurvejakt, då det er litt lettvint raljering i staden for å vera meir konkret.

«Hurtigbåtaksjonen er ein skandale for oss i indre Ryfylke, så kvifor støtter fleire av oss den? Det er fullt av feil i rutene, og Sauda kjem ut som taparar. Likevel er det fleire saudabuer og saudabedrifter som har gitt støtte til aksjonen. Eg trur ikkje dei heilt veit kva dei har støtta, seier Thormod Gilje.» kan me lesa i avisa.

Kritikk skal me tola, me er ei aksjonsgruppe, men det gjeld om å halda kursen: -Vår målsetting er å ikkje vera med på rutekutt og rasering av hurtigbåtrutene. Me har samstundes vist at dagens ruter kan «produserast» med fira (4) i staden for seks (6) båtar, utan at nokon får endra rutene, bortsett frå minuttjusteringar for å få kabalen til å gå i hop.

På enkelte av turane er det då blitt b-anløp, dette for å spara tid, drivstoff og unngå tomkøyring. Gilje må gjerne hevda at vårt ruteframlegg ikkje går i hop, men det er her han les feil. Om alle b-anløpa vert nytta, så er rutene knappe, men då vil me be Gilje om kva tid dette vil skje? Vidare har me kun tatt med båtrutene, at det må gå buss til Ropeid eller Hebnes når båten snur der er heilt innlysande for oss. Me har vist kva me kan få til, med å få meir transport ut av betre nytting av båtane, altså lika gode ruter med reduserte kostnadar.

Det viktigaste nå er å fylla båtane med passasjerar og heller akseptera at det kan vera anløp som kan følast meiningslause når ein reiser Sauda-Stavanger, men igjen: Dette er vårt forslag til fylket. Rutene skal på høyring etter kvart.

Kva vil Sauda?

Prinsipielt kan me vera samd med Gilje i at alle øyane i ytre Ryfylke kan gjera Saudaruta ekstra lang enkelte dagar, men det er betre å stå samla om å halda på dei rutene me har enn å irritera seg over kven som ikkje skulle hatt anløp. Alternativet for Ryfylke vil me helst ikkje tenka på. At vegstandarden òg er slik at båt er det sikraste og raskaste, gjer at me vil arbeida for at rutene vert så gode som det er mogleg å få dei.

I ein presentasjon frå Sauda kommune står det at ein godt kunne ta bort ein av turane på søndagen. Kva slag kamp er dette for båten?

Vil ein at 07.15- og 15.30-båten frå Stavanger skal gå heilt inn til Sauda, sjølv om dette fort kan føra til at andre gode avgangar forsvinn?

Kor mange daglege avgangar treng Sauda og indre Ryfylke?

Gilje seier og: «Han trekk fram den såkalla Ryfylkeaksjonen2020, som han beskriv som ei skandale, først og fremst fordi den også har fått støtte frå Sauda.»

Om dei rutene me har laga utkast til er ein skandale, så er dagens ruter ein skandale, me har ikkje endra på dei i gal retning. Sauda har sine anløp. At rutene kan gjerast betre er me samde i, men det er å bevara det me har med lågare kostnadar som så langt har vore Ryfylkeaksjonen2020 sitt poeng. Om den tverrpolitiske arbeidsgruppa som skal sjå på hurtigbåtstrukturen i Ryfylke spesielt ber oss om alternativ til dagens ruter, så har me det òg.