Tøff satsing

Denne veka blei det klart at saudabedrifta Forskaling AS er med og kjempar om ein kontrakt for vedlikehald av vegane i Indre Ryfylke verd 190 millionar kroner. Oppdraget inneber sysselsetting tilsvarande 25 årsverk for kvart av dei fem åra kontrakten gjeld.

Kontraktar på denne storleiken er ikkje kvardagskost for det lokale næringslivet i Sauda. Årsakene til dette er nok samansett. Ein av grunnane som ligg oppi dagen er at det i tillegg til å ligga ei oppside i form av arbeid og sikre inntekter, også ligg ein risiko for å prisa seg for lågt. Konsekvensane av å bomma på anbodet kan i verste fall føra til at bedrifta må utføra oppdraget med tap. Med summane og arbeidsmengda det her er snakk om, er det forståeleg at lokale aktørar er forsiktige med sikta seg inn på så store oppdrag.

«meir enn dobla omsetning og ei enorm vekst i sysselsettinga»

Historia til det snart 15 år gamle Forskaling AS har ikkje vore utan humpar i vegen. Ein kan likevel ikkje komma forbi at selskapet gjennom åra har framstått både som ekspansive og framoverlente, noko som fleire gonger har gitt status som Gaselle-bedrift. Vegkontrakten dei nå jaktar, vil likevel innebera eit større løft enn nokon gong. Skulle dei få tilslaget, medfører dette meir enn dobla omsetning og ei enorm vekst i sysselsettinga, anten firmaet vel å løysa det behovet ved å leiga inn underleverandørar eller å sjølv tilsetta nødvendige mannskapar.

Det er ikkje noko nytt at saudafirma hentar oppdrag utanfor kommunegrensene. Det har enkelte lokale selskap både innan bygg og anlegg, elektro og mekanisk industri halde på med lenge – enkelte i ein liten mannsalder. Noko av det fascinerande med anbodskonkurransen Forskaling AS nå ligg godt an til å vinna, er at konkurrentane er store, nasjonale entreprenørbedrifter. Med eit slikt perspektiv vil det vera ekstra kjekt om det lokale selskapet stikk av med jobben

«mot hektiske tider for bedrifta ute på Treaskjèret»

I desse dagar arbeider vegeigar Rogaland fylkeskommune med å kontrollrekna og kvalitetssikra dei innkomne anboda på oppdraget med å vedlikehalda og brøyta nærmare 50 mil veg dei kommande fem åra. Skulle kalkylane til Forskaling AS bli stadfesta og saudafirmaet framleis stå med lågast pristilbod, går det mot hektiske tider for bedrifta ute på Treaskjèret. Uansett kva utfallet blir, kan ein ikkje anna enn å rosa Alf Jostein Årtun & co for motet og pågangsviljen dei viser ved å satsa så stort.