Godt vegnytt

Søndag blei det offentleggjort at regjeringa vil legga opp til ei auka satsing på rassikringsarbeid i ny nasjonal transportplan, NTP.

Eitt av prosjekta som då kjem inn i varmen er sikringa av den svært utsette riksveg 13-vegstrekninga gjennom Rødsliane nord for Lovra i Suldal. Det er godt nytt for Indre Ryfylke.

«Mange har gitt tydeleg uttrykk for at dei vegrar seg for å kjøra vegen»

Steinras i Rødsliane har etter kvart blitt så vanleg at folk som ikkje ferdast på vegen til dagleg, knapt lear på augebrynet lenger når det kjem nye meldingar om ras. For næringsliv, skuleelevar og andre vegfarande som er avhengige av vegen, gjer dei etter kvart tallause små og større rasa det vanskeleg å kjenna seg trygg når ein passerer. Mange har gitt tydeleg uttrykk for at dei vegrar seg for å kjøra vegen, som for nokre å sidan blei kåra til ein av dei farlegaste i landet.

I det som framstår som ein nøye planlagt lekkasje frå NTPen som kjem seinare i vår, går det fram at regjeringspartia vil setta av 200 millionar kroner i den første seksårsperioden og ytterlegare 696 millionar kroner i den påfølgande perioden. Per i dag er det imidlertid uklart når rassikringsarbeidet, som mellom anna inneber at ein lang del av vegen blir lagt i tunnel, kan settast i gang. Suldalsordførar Gerd Helen Bø (Sp) seier til NRK at ho meiner det er positivt at det blir sett av pengar, men ville helst hatt byggestart med det same. Ho set sin lit til at opposisjonen får fortgang i finansieringa og sikrar full pott, 896 millionar kroner, i den første seksårsperioden. Det kan bli interessant å sjå korleis stortingspolitikarane behandlar dette pengespørsmålet i valåret 2021.

«lokalt engasjement opp mot sentrale styresmakter nyttar»

Arbeidet for å få Rødsliane inn i nasjonal transportplan har pågått i fleire tiår. Når ein nå endeleg har fått på plass lovnader av statleg finansiering, viser dette også at lokalt engasjement opp mot sentrale styresmakter nyttar. Behovet for nybygging, opprusting og sikring av vegar i Norge representerer eit botnlaust hol når det kjem til behov for finansiering. Det finst mengder av gode, nødvendige og etterlengta tiltak på vegsida. Mykje tyder på at det nyttar å arbeida for å påverka dei som styrer pengesekken.

Utan at ein skal samanlikna dei to vegprosjekta, gir utviklinga når det gjeld Rødsliane von om at det kan ha mykje for seg å fortsetta å trykka på sentrale styresmakter for å finna løysingar for vegen frå Sauda til E 134.