Spiwe Thandabani foto privat
FOTO: Privat.

Takk for sist, Spiwe Thandabani

Spiwe Thandabani kom til Sauda i 2009. Ho starta yrkeskarriera som vaskar gjennom Nav, før ho enda opp som språklærar ved Sauda vidaregåande skule. Ho var også leiar av Sauda Sanitetsforening og var med i Zonta, som jobbar særleg for å tilrettelegge for kvinners mulegheiter globalt.

Spiwe Thandabani, 42 år

Før: Lærar ved Sauda vidaregåande skule.

Nå: Seksjonsleiar i Halden.

Kva gjer du nå?

Eg bur i Halden og er seksjonsleiar for Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæring. Det er eitt år sidan eg flytta til Halden. I halvanna år før det var eg assisterande professor i lingvistikk ved Universitetet i Stavanger.

Hausten 2018 fekk eg jobb i Stavanger. I Stavanger var det først og fremst lærarutdanning og etterutdanning av lærarar eg jobba med.

Kva hugsar du best frå Sauda?

Eg elskar Sauda. Det er fint, fredleg og trygt. Sauda er for meg natur, turar, blåbær og snø.

Sjølv om det var kjipt å måke snø av bilen før eg skulle kjøre til Sand for å jobbe, var sjølve kjøreturen fantastisk. Snøen hang på trea. Det var ”Winter Wonderland”. Særleg Honganvik synest eg er ein flott plass.

Eg synest skular og barnehagar er veldig bra i Sauda. Det er dyktige folk som jobbar der. Eg blei møtt med god forståing og tilrettelegging da eg opplyste at mine gutar er fleirspråklege.

I Sauda fungerer kommunikasjonen godt og du blir orientert om det som skjer raskt. Det er ein veldig positiv ting med Sauda. For eksempel er Sauda vidaregåande skule veldig flinke til å orientere foreldra.

Sauda er heime på ein måte for meg, saman med Zimbabwe, Karibien og Ny York.

Til å begynne med sleit eg med å få jobb i Sauda. Ein dag tok eg det opp med daverande rektor ved Sauda vidaregåande skule og konfronterte han med det. Kort tid etter fekk eg jobb. Det var bra. Da kom eg inn i systemet.