Høg smitte på Haugalandet får Sauda til å stramme inn smittevernreglane. At stadig fleire blir vaksinert i Sauda er likevel lyspunktet. I går var det ny vaksineringsrunde i Saudahallen.
Høg smitte på Haugalandet får Sauda til å stramme inn smittevernreglane. At stadig fleire blir vaksinert i Sauda er likevel lyspunktet. I går var det ny vaksineringsrunde i Saudahallen. FOTO: Frank Waal.

Dei fleste aktivitetstilboda må halde stengt

Nye, strengare smittevenrnreglar set ein stoppar for mange kultur- og fritidstilbod.

Smittetrykket på Haugalandet har auka og på landsbasis har aldri smittetrykket vore høgare enn nå. Kommuneoverlegen, ordføraren og rådmannen blei onsdag ettermiddag einige om å innføre strengare smittevernstiltak frå og med midnatt, natt til torsdag. Dette blei politisk behandla av formannskapet torsdag, gjennom ei hasteinnkalling.

Badeanlegg, treningssenter, kino, bibliotek og alle aktivitetstilbod og kulturarrrangement er pålagt å halde stengt. Det blir også innført krav om heimekontor for dei som kan ha heimekontor. Der det ikkje kan haldast minimum éin meters avstand blir det nå påbod om bruk av munnbind. Det blir også innført skjenkestopp i Sauda.

Skular og barnehagar blir ikkje stengt. Dette gjeld også Sauda vidaregåande skule.

– Kjem stadig nærmare

Ordførar Asbjørn Birkeland begrunnar behovet for stenging med at smittetrykket på Haugalandet nå er høgt.

– I Haugesund er det høg smitte. Onsdag var det tre personar som testa positivt i Vindafjord. Smitten kjem stadig nærmare Sauda. Derfor må me innføre strengare smitteverntiltak, seier Birkeland.

I løpet av onsdag hadde kommunane Sauda, Suldal og Etne møte med Statsforvaltaren i Rogaland, der også Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet deltok. Ingen av desse tre kommunane er pålagt det strenge smittevernregimet som dei sju kommunane på Haugalandet er. I løpet av dette møtet konkluderte ein med at det er behov for strengare tiltak. Kort tid etter hadde beredskapsgruppa i Sauda møte og blei einige om å innføre strengare tiltak.

Ny vurdering neste veke

– Tiltaka gjeld i første omgang i éi veke. Onsdag i neste veke er det nytt formannskapsmøte. Da skal me på nytt ta stilling til om vidare tiltak, seier ordførar Asbjørn Birkeland.

Birkeland opplyser at folk i andre kommunar har lov til å bruke fritidsbustaden sin i Sauda.

– Men da må dei følge retningslinjene i kommunane dei kjem frå. Dei nasjonale anbefalingane for kommunane på Haugalandet er at dei må gjere alle innkjøp i sin kommune før dei reiser og at det kun er folk frå eigen huststand som reiser på hytta. Dei må ikkje ta imot besøk på hytta. Dei må også halde avstand til andre folk i skiløyper og i skisenteret, seier Birkeland.

For Sauda Skisenter kan framleis halde ope.

Hytteturistar frå kommunane på Haugalandet skal derfor ikkje oppsøke butikkar, serveringsstader eller møteplassar med mange menneske i hyttekommunen Sauda.

Strengaste på eitt år

Smittevernreglane som nå er innført i Sauda er dei strengaste reglane, sidan regjeringa 12. mars i fjor innførte svært strenge nasjonale tiltak. Den gang måtte også skular, barnehagar, frisørar og ulike formar for behandlarar halde stengt. Denne gong kan skular, barnehagar, frisørar, fysioterapeutar og andre behandlarar hald ope.

Også hytteeigarar blei ramma av tiltaka for eitt år sidan. Nå kan hytteigarar bruke hyttene, men der dei både må sette seg inn i smittevernreglane og -råda i eigen kommune, og i hyttekommunen dei skal til.

Fleire unntak

Sjølv om mange aktivitetar og tilbod er stengt, er det ei rekke unntak. Dette gjeld blant anna enkelte utandørs aktivitetar, det gjeld ulike formar for rehabilitering og opptrening der svømmebasseng og treningssenter inngår.

Det er også lov til å ha innandørs arrangement og private samankomster på offentleg stad eller i leigde eller lånte lokale, for inntil ti personar. Private samankomster utandørs på offentleg stad kan gjennomførast med inntil 20 personar. Arrangement utandørs på offentleg stad kan gjennomførast med inntil 50 personar.

Gravferd og bisetting kan gjennomførast med inntil 50 personar.

Helse Fonna innfører strenge sjukehusreglar

På grunn av smitteauken har Helse Fonna gått over til gul beredskap. Det er strenge retningslinjer for besøk på sjukehusa.

Onsdag ettermiddag vedtok beredskapsleiinga i Helse Fonna å heve beredskapsnivået på sjukehusa som tilhøyrer Helse Fonna. Det er smittesituasjonen i Nord-Rogaland og Sunnhordland som er årsaken til dette.

Helse Fonna har alt fleire Covid-19-pasientar enn før, og førebur seg i tillegg på at dette vil stige. Helse Fonna har alt svært mange medarbeidarar i koronarelatert fråver.

Det er nå kun følgande pasientgrupper som kan ha med seg følgeperson, eller som kan motta besøk:

– Barn under 18 år.

– Pasientar som er kritisk sjuke eller døyande.

– Fødande

– Pasientar som treng følge for å kunne motta helsehjelp.

Helse Fonna opplyser i ei pressemelding at det er stort fokus på smittevern, og at det er trygt for pasientar å komme på sjukehusa for behandling.

Pasientar som er i karantene eller har mistanke om Covid-19-smitte, må kontakte sjukehuset, men ikkje møte opp.

Onsdag var det fem pasientar med påvist Covid-19 innlagt på Haugesund sjukehus. Tre pasientar får intensivbehandling. Èin person er under 18 år. Dei to andre er i aldersgruppa 18-64 år. Måndag kveld døydde ein koronasmitta pasient på Haugesund sjukehus. Denne personen var i aldersgruppa over 65 år.

UKM avlyst til helga

Laurdag skulle Ungdommens kulturmønstring (UKM) i Sauda blitt avvikla. Rektor i Sauda kulturskule, Eli-Jorun Tangeraas, opplyser at dette arrangementet blir utsatt inntil vidare.

Årsaka til dette er dei strenge smittervernreglane som nå er innført i Sauda. Totalt var det 90 påmeldte deltakarar.

Arrangementet i Sauda blir gjennomført så snart det er trygt og lov, ifølge kulturskulerektoren.