Føre var

Ein kan tella på éi hand dei gongene styresmaktene i Sauda fattar vedtak om eigne, lokale lovforskrifter. Denne veka bestemte lokale styresmakter at smittetrusselen nå er så overhengande at ein finn det rimeleg å ta dette verktøyet i bruk.

Tiltaket kjem som ein følge av at statlege styresmakter tidlegare denne veka innførte nye, strenge koronatiltak i sju haugalandskommunar. Fleire av kommunane ytst på Haugalandet er inne i ei svært krevjande tid med stadig nye smitterekordar og ein smittesituasjon som synest å vera ute av kontroll. Då er det sjølvsagt rett av helsestyresmaktene i nabokommunane til området med auka smittetrykk, Suldal, Sauda og Etne, å ta opp til vurdering om det bør settast i verk tiltak også der, trass i at smittesituasjonen per i dag er god i eigne kommunar.

Forskrifta, som i utgangspunktet gjeld for éi veke, inneheld mindre strenge tiltak enn dei som er sett i verk i kommunane nærare kysten. Det skal mykje til for at ikkje tiltaka i Sauda blir vidareført når veka er gått – èi veke er kort tid i ein slik samanheng. Når kommuneleiinga igjen skal snakkast kommande onsdag, må derfor både erfaringar med dei nyinnførte tiltaka, muleg forlenging og eventuelle behov for ytterlegare innstrammingar vurderast.

«Påsken står for døra, og med den ei forventa tilstrømming av påskegjester»

Tidspunktet for ei smitteoppblomstring i regionen kunne knapt vore verre. Påsken står for døra, og med den ei forventa tilstrømming av påskegjester. Mange av dei trufaste påsketuristane i Sauda kjem frå kommunar der smittesituasjonen er uoversiktleg og aukande. Det kan ikkje styresmaktene oversjå.

«Trass i låge smittetal er det ingen grunn til å sjå på Sauda som ein fristad»

Dei nasjonale og lokale forskriftene som blir sett i verk for å få kontroll på smittespreiinga, er både fornuftige og ansvarlege. Dei har likevel ein avgrensa verdi dersom ikkje folk tar pålegga og avgrensingane til etterretning og rettar seg etter desse. Her kviler det eit stort ansvar på innbyggarane, særleg på dei som kjem tilreisande frå område med høgt smittetrykk. Trass i låge smittetal er det ingen grunn til å sjå på Sauda som ein fristad der ein kan sleppa opp og ta lettare på tilrådingar og pålegg om avstand og hygiene. Det gjeld sjølvsagt både fastbuande og turistar.

I lys av situasjonen regionalt, synest innføringa av ein eigen smittevernforskrift i Sauda å vera eit fornuftig føre var-tiltak.