Eitt steg vidare

Nesten 20 år har gått sidan kjølevatn frå smelteverket blei ført i røyr over Nordelva for å gjera sentrumsgatene permanent fri for snø.

I mellomtida har også stadionområdet og det nye utebassenganlegget blitt kopla på varmtvatnet, til stor glede og nytte. Likevel luktar det uforløyst potensiale lang veg av det lokale fjernvarmeprosjektet – enn så lenge. Nå tyder mykje på at meir av dette potensialet skal realiserast.

Det har runne mykje kjølevatn i røyra sidan kranen første gong blei opna for snart 20 år sidan. Samtidig har samfunnets haldningar og fokus i høve til gjenbruk og resirkulering endra seg radikalt. Uttrykket sirkulærøkonomi, som knapt eksisterte på starten av 2000-talet, er i ferd med å bli allemannseige. Medan bruken av overskotsvarme til snøsmelting og oppvarming av badebasseng blei sett på som både nyskapande og framtidsretta i 2001, ligg det i dag klare forventningar om at både energi og andre restprodukt skal gjer nytte for seg i nye produkt og prosessar. Forventingane blir støtta opp av økonomiske insentiv – det er i dag business å resirkulera – eller rettare sagt, ris bak spegelen for dei som ikkje heng med.

«det finst betydeleg større mengder «avfallsenergi» enn det som så langt gjer nytte for seg»

Ein skal sjølvsagt ikkje undervurdera verdiskapinga kjølevatnet står for i dag. Fjernvarmeprosjektet har imidlertid flagga tydeleg at det finst betydeleg større mengder «avfallsenergi» enn det som så langt gjer nytte for seg. Overskotsvarme frå smelteverket kan i framtida varma opp både offentlege bygg og andre forretningsbygg, på sikt gjerne private hus òg. Ikkje minst ligg god tilgang på varmt vatn som ein eksklusiv, attraktiv innsatsfaktor i mange næringar, noko som er forsøkt brukt som lokkemiddel overfor potensielle nyetablerarar.

«nå skal arbeidet med å konvertera overskotsvarmen til omsettelege verdiar intensiverast»

Den nyleg kunngjorte tilsettinga av tre medarbeidarar i Sauda Energi AS, det nye namnet til selskapet som før heitte Sauda Fjernvarme AS, kan ikkje tolkast annleis enn at nå skal arbeidet med å konvertera overskotsvarmen til omsettelege verdiar intensiverast. Dette er positivt nytt både for smelteverket som leverandør og kommunen som gjennom fjernvarme på sikt både kan spara pengar og bidra til å redusera sitt eige klimaavtrykk. Aller mest spennande blir det likevel å sjå om Sauda Energi AS klarer å gjera varmtvass-agnet så forlokkande at dette bidrar konkret til å lokka etablerings-storfisk på kroken for Sauda.