Tidsminister Iselin Nybø.
Tidsminister Iselin Nybø. FOTO: Nærings- og fiskeridepartementet.

Husk å stilla klokka!

Natt til søndag er det igjen tid for å justera til sommartid.

– Nå gjer eg det eg kan for å få oss litt nærare klemming, familiebesøk, utepils, fest og konsertar og litt lengre unna dette kjipe året me har lagt bak oss. Til helga kjem me éin time nærare sommaren og betre tider – og det er ikkje eit minutt for tidleg, seier næringsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding. Gjennom statsrådposten er Nybø ansvarleg for Justervesenet – og dermed for nøyaktig tid her i landet.

Ventar på EU

I 2018 la Europakommisjonen fram forslag om å avvikla sommartidsordninga, som ein meinte ikkje lenger hadde sin opprinnelege misjon og at klokkestillinga dermed var til meir heft enn nytte. Fleire land har også tatt sjølvstendige val om å avvikla ordninga.

Enn så lenge har ikkje EU-rådet fatta noko vedtak. Skulle det bli slutt på å stilla klokka, må alle land bestemma seg for om sommartid eller vintertid skal bli den nye normalen.

Fram eller tilbake

Ein grei huskeregel er at klokka alltid skal stillast mot næraste sommar. Altså framover om våren, nærare bestemt siste helga i mars og bakover om hausten, i slutten av oktober.

I avishuset har me framleis urmakar Bernhard Jensen sin huskeregel i minne. Då avisa bomma på klokkestillinga tilbake i førre tusenåret ein gong, kunne ein munter urmakar fortella at løysinga var å finna i songen «No livnar det i lundar», i siste linja av første verset: «no fram til sumars tid»…