Flott initiativ for Åbøbyen

Historia til Åbøbyen utgjer ein sentral del av soga om korleis det moderne Sauda blei til. At området innehar unike verdiar blir stadfesta av Riksantikvaren, som har slått fast at området representerer eit kulturmiljø av nasjonal interesse.

Dessverre har tiår utan tilstrekkeleg stell og omsorg resultert i at tidlegare praktanlegg som Sneath’s Park i dag ikkje er i nærleiken av fordoms storheit. Nå er imidlertid gode krefter i sving for å få fleire av anlegga i Åbøbyen på stell att.

Bygginga av ein ny bydel i amerikansk hageby-stil var i si tid ein konsekvens av konsesjonsvilkåra til smelteverket, der det blei stilt krav om bustader til dei tilsette. Resultatet blei eit gjennomregulert område med arkitektteikna hus, parkanlegg og allear. I hjartet av amerikabyen låg Sneath’s Park, skinande velhalde og eit smykke for omgivnadene. Meir enn 30 tilsette sytte for at området blei stelt og tatt vare på. Så kom effektivisering og etter kvart kommunal overtaking av området. Resultatet var i røynda gitt.

Nyleg blei det kjent at organisasjonen «Åbøbyens venner» nå er godt i gang med planar om å rusta opp og å setta i stand fleire av anlegga i Åbøbyen. I første omgang gjeld dette Sneath’s Park, deretter tennisbanane og så igjen tre mindre parkanlegg. Opprustinga er stipulert å kosta drygt sju millionar kroner. I tillegg skal området haldast ved like.

«Eldsjeler i ny innpakking, kan ein gjerne kalla dei»

Til forskjell frå tidlegare forsøk på å gi parkanlegga nytt liv, ligg det nå ein organisasjon i botn. Eldsjeler i ny innpakking, kan ein gjerne kalla dei. I 2021 gjeld det å innretta denne typen frivillig innsats  på den måten som gir best føresetnader for å skaffa nødvendig finansiering. Dette har «Åbøbyens venner» forstått. I tillegg tar dei i bruk eit eminent verktøy i form av Saudamodellen: Samarbeid mellom frivillige, det offentlege og næringslivet. Samarbeidsavtalen med Sauda kommune er alt på plass. Neste steg er å skaffa pengar.

Åbøbyen angår ikkje bare Åbøbyen, men heile Sauda og saudabuen sin identitet. I 2021 er industrikulturen og Sauda sitt bidrag til oppbygginga av det moderne Norge noko ein både kan og bør visa fram med stoltheit. I ein slik samanheng blir bidraget til «Åbøbyens venner» ein kjærkomen tilvekst som lokalsamfunnet bør støtta opp om.