PÅ skitur. Solbjørg, Kåre og Jan Ole Rød.
PÅ skitur. Solbjørg, Kåre og Jan Ole Rød. FOTO: Privat.

OPPVEKST PÅ 1950-TALET DEL 3

Å bla i gamle årgangar av Ryfylke er spennande, men ofte tidkrevande fordi det er så «mykje løye» å finna, vel å merka ut frå vår situasjon 60 år seinare. «Husk, det var ei heilt anna tid,» var far sitt faste, men kloke uttrykk i slike diskusjonar.

Gamle Ryfylke ville ha vore eit eldorado for rødstrømper eller «ultraradikale lausbikkjer» som Otto Fatnes, klasseforstandaren vår på gymnaset, kalla alle politisk til venstre for Høyre. Eg kan starta med eit par eksempel frå familienytt: «Kona til skulestyrar Solheim, Anna, fyller 50 år…» og  «Fru Tora Ropeid, kona til Lars Ropeid, er 75 år…»

Den heite likestillingsdebatten ser altså ut til å vera nokre år unna. Eit anna eksempel er ulik billettpris for å komma inn på Gubbeball på Musikkhallen, damer 1,50 kroner og menn 2,00 kroner. Trur neppe det er ein god idè for dagens kultursjef?

Eg har ingen intensjon om å provosera, men nøyer meg med å sitera innflyttaren som tidleg kommenterte likestillingsdebatten og kona på denne måten: «Når eg først har gått til det skritt å ansette et damemenneske i huset, så må ho jo jobba» Kanskje fortel denne haldninga også at mange kvinner hadde så mangelfulle rettar den gong at det var vanskeleg å klara seg på eiga hand, og dermed var det ekstremt få skilsmisser.

I desse VM-tider med historisk gull til Maren Lundby i storbakken er det rart å tenkja på at jenter ikkje skulle hoppa på ski. Spesielt storhopparen, piloten og idrettsleiaren, Torbjørn Yggeseth (1934-2010) måtte tåla mykje kritikk for den steile haldninga til damehopping i Holmenkollen og storbakkar generelt. Mange av oss må jo også dra på smilebandet av synet på jenter og lange løp. Grete Waitz og Ingrid Kristiansen var liksom ikkje «konstruerte» for å springa lengre enn 1500 meter.

Også i dag er det dessverre nokon som meiner dei er viktigare enn andre og plasserer seg på VIP-tribunen for very important people. Lokalhistoria vår er full av episodar om jåleri der personar frå «øvre sjikt» blir lurt, går på limpinnen og dummar seg ut. Den mest kjende episoden er kanskje om funksjonærfrua som blei fortalt at ho i kraft av si stilling kunne gå på Grand Kolonial og kjøpa funksjonærbrød. Ei anna «slåsa» handlar om funksjonærparet som møtte på personalkontoret fordi dei hadde blitt fortalt at fullt tennisutstyr skulle vera standard i funksjonærleiligheten deira.

Elles er det jo tidstypisk at legar og tannlegar var nærast allvitande og blei brukt på alle slags møte for å snakka om alt frå tenner og helse til oppseding, skule og ungdomskriminalitet. Saknar i grunnen ikkje slike fantastiske «dokterskular!»

Teoretisk utdanning stod høgt i kurs, og på den bakgrunn kunne saudabuen også lesa at Otto Fatnes hadde tatt filologisk embedseksamen med karakteren Laud. I dag finst ulike greiner innan fysioterapi, men Nanna Lunde Johannesen kalla seg statsautorisert sykegymnast i den faste annonsen på framsida av Ryfylke.

Her er ei historie med same tema, men sett frå ein annan synsvinkel. I 2010 var Maria Strøm i sogelaget og fortalde om arbeidet på Strøms Kolonial, Lekkerdisken, Narvesen og kiosken på westamaraen. Då ho serverte følgande episode: «Vi var på vei til butikken da det kom en forferdelig tordenbyge. Vi fikk øye på en stakkars mann uten paraply like foran oss.  Åsmund stanset «Måneraketten» (vår lille, shabby varebil) og spurte om han ville sitte på, noe han selvsagt sa ja takk til. Mannen bad om å bli satt av ved fabrikken, og da han gikk ut av bilen, spurte Åsmund om han arbeidet der. Han presenterte seg, sa at han var direktør på fabrikken, og at det var elskverdig å stanse for han. Hadde vi på det tidspunkt visst hvem han var, hadde vi muligens ikke våget å stoppe for å ta ham med i den bilen»

Denne episoden pressa fram eit fjernt minne om 3-4 betonggarasjar på den vesle parkeringsplassen frå Vakta mot elva. For at ingen skulle bli frista til å parkera der, var initialane til direktøren og toppleiinga rissa inn over garasjen.

I 1953 stod det moderne Hybelhuset ferdig med plass til 62 ferieavløysarar på dagens Coop-tomt, men eit krast innlegg i Ryfylke peika på uverdige tilhøve under bygginga. Kranselaget var nemleg berre for ei lita eksklusiv gruppe, og ikkje for «dei som seinhaustes sleit så musklane verkte i regn og sludd.» Mange vil huska vaktmeister Martinsen og familien som budde der, men kanskje relativt få den gong la merke til den utfordrande utlysningsteksten for vaktmeisterjobben. Eg trur både Remy Penev og Steffen Høiland hadde sett 1. maifrukosten i halsen av denne teksten.

Sølvbryllup blei markert mykje sterkare den gong, både med annonse i avisa og fest. Kanskje er det også uttrykk for at berre dei færraste hadde eit reelt håp om å oppleva gullbryllup? Dei nære banda mellom Hellandsbygd og Saudefaldene kjem fram på ulike måtar, blant anna gjennom denne annonsen: «Peder K. Årthun A/S Saudefaldene fyller 50 år.» Snakk om gode forhold mellom arbeidsgjevar og tilsette!

Ein annan notis blir også snål ut frå 2021-standard: «Rigmor Thoresen, Anne Marie og mannen kom heim frå Amerika med Oslofjord.» Då kan det vera lurt å tenkja på at utanlandsreiser var sjeldan kost for 60 år sidan, formulert på følgande måte av ein frå min årgang: «Tanta mi var helten i familien fordi ho hadde reist med fly, og på andreplass kom onkel som hadde budd på hotell i tre dagar.»

I ei tid der EFP og andre bedrifter hadde eit klart skilje mellom funksjonærar og arbeidarar, var det vanleg med titlar. Dette kjem også tydeleg fram i personlege annonser/notisar i lokalavisa, for eksempel i samband med meldingar om truloving, lysing og bryllaup, ofte som ein tretrinnsrakett i ei tid der fleire par hadde det travelt fordi aleinemor og sambuar var synd og skam. Av økonomiske årsaker var det vanleg med dobbeltbryllaup både på Ungdomshuset, Musikkhallen og Folkets Hus, for ikkje å gløyma den rimelegaste varianten, feiring i heimen. I tillegg var Grand Hotell og Klubben aktuelle bryllaupslokale.

I Smeltedigelen var det stort sett storken som kom med babyane, men i 1956 innførte også Ryfylke si eiga spalte med nytt frå ei travel fødeavdeling ved Sauda sjukehus. Ei heilt vanleg og ufarleg annonse frå eigen familie såg gjerne slik ut: Magda og Egil Åbø, Sauda, gut 8. april. Ganske ulik dagens Ryfylke med fargebilde fem minutt etter fødsel, og sjølvsagt har det vesle «nurket» hatt namn heilt sidan den første ultralydundersøkinga.

I min barndom var det svært vanleg å bli oppkalla etter besteforeldra, og frå første leseboka huskar me Ola Ola Heia som for sikkerhets skuld var oppkalla etter begge bestefedrane for å unngå «bråk» og arvestrid. I nemnde tilfelle hadde storebror Paul fått namn etter farfar, og det blei naturleg at nummer to fekk namn frå morssida, og førebokstavane var då ei akseptabel løysing. Ole og Bergit resulterte dermed i Odd Bjarte. Når det gjeld bilde, veit eg ikkje ein gong om tante og onkel hadde fotoapparat den gong, og dei ville neppe ha brukt heile filmen på den nyfødde, og framkallinga på fotobutikken tok i alle fall ei veke. Dessutan var det dyrt å trykka bilde i avisa, og dei fire faste sidene i Ryfylke kvar fredag hadde derfor svært få bilde.

I 1953 blei det forresten mange heimefødslar i Sauda fordi sjukehuset brann, og dei materielle skadane kom på heile 200 000 kroner. I ettertid kom det fram at eit par sentrale personar blant dei tilsette sov så tungt at dei nesten brann inne. Saka blei naturlegvis dyssa ned, men årsaka var visstnok stort arbeidspress som førte til at dei i lang tid hadde forsynt seg frå medisinskapet for å få ekstra, kunstig energi. Kanskje det var snakk om Saudas første narkomane?

Dødsannonsane var ofte korte utan namn på barn og barnebarn, men nokre få i «høgare stillingar» (læge/lækjar, redaktør og apotekar) kunne ha tittelen framfor namnet og på gravsteinen. Gravferda starta ofte frå heimen, og i staden for å døy eller sovna inn, brukte ein også uttrykket å slokna. Nesten alle dødsfall fekk omtale i avisa, og blant dei mest brukte adjektiva i minneorda var: Vennesel, fredsam, heilstøypt, hjartegod, staut, avhalden, finsleg og stillfarande. Det er trist å registrera mange dødsulykker blant barn, og mange vaksne døyr så tidleg at gjennomsnittleg levealder totalt sett ligg rundt 65 år. Skilnaden mellom kvinner og menn var endå større den gong, og mange fabrikkarbeidarar (kanskje spesielt skiftreparatørar) hadde usunt arbeidsmiljø med mykje varme, røyk og gass i ei tid med lite fokus på HMS. Store mengder kaffi og tobakksrøyk innebar heller ikkje nokon helsemessig gevinst, men det skulle gå mange år før Kolbjørn Øygard og Dagfinn Høybråten verkeleg gjorde noko med passiv røyking og fekk folk til å stumpa røyken.

Kjartan Fløgstad har fleire gonger klart åtvara mot tobakk, blant anna ved å omsetja sigarettmerket Chesterfield til «Kistefyll.» Som ein kuriositet må visst ovnshusarbeidaren nå for tida ut i friluft for å ta seg ein røyk. Den evige diskusjonen om lungebrannen og skadeverknaden av fabrikkrøyken førte til planar om «gondolbane» opp mot Tempreinuten, nettopp for at folk lett skulle komma opp i frisk luft. EFP sine romslege tilskot til hyttebygging hadde nok også eit helseaspekt, og så kan me sjølvsagt håpa at ein meir moderne gondolbane kjem til Sauda likevel, men i eit anna område?

Med ei viss interesse for skisport viser resultata frå langrenn og kombinert at Gisle Svandal var best i starten av tiåret før Jakob Austrheim blei den dominerande. Mot slutten av 50-talet kan nok Helmert Herheim og Kjell Ole Øverland konkurrera med Jakob i løypa, og me ser også at junioren, Birger Espevik, viser gode takter. I Fjellrennet spenner også ein godt vaksen Marinius Øverland på seg skia og pustar ungdommen bokstaveleg talt i nakken. Medan Myrabakken framleis er på teiknebrettet, ser me at John Helle si imponerande hoppkarriere er på hell, og det meste av energien brukar han nå på Hellebygget og den tipp topp moderne sportsbutikken som står ferdig i 1957 med heile 150 kvadratmeter. Butikken med påmelding til alle renn/konkurransar blir ein møteplass for idrettsfolk.

Turnaren og frittståandespesialisten Arne Lunde vinn dei fleste duellane i hoppbakken framfor brørne, Arnvid og Yngvar. Elles kan det jo vera litt forvirrande for vår oppfatning av barndommens snørike vintrar at idrettslaget i 1957 måtte avlysa eit landsrenn på grunn av snømangel.

Rekrutteringa til skisporten tok Reidar og Arnholdt Carr seg av i Fløgstadbakkane, med god hjelp av Bjørg og Olav Oftedal. Seinare blei Inge Halsnes sentral i ein meir kommunal skiskule, assistert av Mortein Larsson, Morten Lerø og Per Nørgaard. Etter kvart blei det også spørsmål om skikurs for vaksne, og dagens «Kjerringslepp» i Svandalen er altså ikkje noko nytt.

Husmødre – skikurs

Sauda skiskule arrangerer skikurs for husmødre.

Kursstart: Måndag 4. mars kl. 16.00 i Fløgstadbakken

 

Annonsen i Ryfylke fortel at unorske, moderne trendar som «After skiing» var ukjent for Saudas husmødrer den gong. Det tidlege starttidspunktet for kurset er nok heller uttrykk for at husmødrene måtte koma seg heim så tidleg at mann og barn skulle få kveldsmaten servert som vanleg. Dessutan var Weltzin skifond på 20 000 kroner til minne om Frithjof Weltzin også til god hjelp for dei som ikkje hadde råd til å kjøpa eigne ski. Eg høyrde forresten at Sjømenns Leseværelse, vegg i vegg med Folkets Hus, i si tid lånte ut ski, men kanskje berre for sjøfolk?

Årets flotte vinter har resultert i mange skiturar i ulike dalføre (i alle fall for heldige pensjonistar) og aleine i fjellheimen, i laussnø utan oppkjørte løyper i eigne tankar utan mobil og andre ulydar kjem ofte gamle minne og morosame assosiasjonar til overflata. Å kunna spenna på seg skia utanfor garasjen er eit privilegium for oss som tidleg var så heldige å oppleva skiglede.

Som far og bestefar er eg framleis evig takknemleg for foreldre som drog oss ut, først på dei praktiske skikjelkane laga i ledige stunder på EFP. Her låg me godt 20 centimeter over snøen oppi ein sovepose på ei madrass av seglduk. Når far starta å gå, kom den rolege, søvndyssande lyden frå skia, og dermed mange vellukka turar for alle. Etter ein vinter i kjelken var toåringen meir interessert i å sjå seg rundt, og best utsikt hadde me nok frå ryggen til far, men ikkje i ein stor, moderne meis, men sitjande på eit raudt dropsspann (Kiellands Drops) oppi ein vanleg sekk.

«Bæremeis» FOTO: Privat.

Direkte komfortabelt for små føter var det neppe, og sjølvsagt var det best å unngå knall og fall. Mor fortel at ho opplevde å få «kjeft» då ho rann ned Nipbakkane, på grunn av den «galne gubben hennar» som hadde kjørt så fort med ein unge på ryggen. Ein gong var det visst Arne Aano som var litt «øsen» fordi han så vidt hadde klart å koma seg ut av bakken. Det vil som regel gå godt! BILDE: Sekken og spannet.

I MOT-prosjektet blei eg verkeleg klar over verdien av å kjenna meistring, både i skule og fritid. Det er fascinerande å sjå ungar lysa opp når lesekoden eller eit matematisk problem finn si naturlege løysning. Akkurat det same skjer når dei får ein slags kontroll og balanse på ski, for ikkje å snakka om når dei sjølv kan ta skiheisen utan å vera redde for å detta av. På skiferie i Østerrike på 90-talet blei eg utfordra til å prøva snowboard, og her var heisen det store problemet, spesielt når du har passert 50 og nektar å sleppa taket når du dett av!

Skuldre og rygg bestemte at det blei den eine dagen med brett, og heldigvis var ikkje mine næraste utstyrt med mobil den gong, men eg kunne tenkt meg film frå Turlagets tur til Borheia nokre år seinare. Det var ein kald, flott morgon ved skihytta i Svandalen då eg møtte dei rundt 20 andre deltakarane, rutinerte, flinke skiløparar med relativt høg snittalder. Stemninga var litt taus og rar, og snart forstod eg. Fjellmannen Arne Pleym hadde som guide gjort avtale med skisenteret om skyss til toppen, og dette var skummelt for fjellfolk utan erfaring med skitrekk. Med hardt og isete spor gjekk det som frykta, Helmert Herheim med fleire datt av i den brattaste bakken, og sekk, stavar, vottar og  luer kom siglande nedover. Me andre som klarte oss betre, fekk ein pause på toppen før skisenteret sin snøscooter kom med dei uheldige, eller som Helmert raskt utbraut: «Nå kjem nedfallsfrukta!»

For oss som var i langrennsmiljøet i oppveksten, var sjølvsagt alpinistar nokre latsabbar som ikkje kom seg opp bakkane med eigen motor. 50 år seinare har eg heldigvis lært meg å svelga kamelar og revidera fleire forkvakla oppfatningar, skaffa meg «nedoverski» og brukar nokre dagar/kveldar i Svandalen kvar vinter, ofte med barnebarn. Utruleg kjekt og interessant å sjå små og store kosa seg på ski eller brett i allslags vêr, spesielt fordi mange av dei neppe ville ha vore i fjellet utan dette flotte tilbodet. Snittalderen er langt unna 67+, og det får meg til å tenka på min gode, gamle kollega, Olav Andersen (snart 101 år), som med glimt i auga lurte på kvifor folk over 80 år ikkje nytta seg av gratistilbodet for 80+ i skitrekket. Nei, kan de fatta og begripa?

Korleis kunne me så feira påske i fjellheimen før me fekk eiga hytte i 1960? Langt utanfor min kontroll og hukommelse hende dette ved å låna eller dela hytte på Alkestølen i Austerheimsdalen, på Holmevann eller bestefar si hytte på den såkalla Espelandssida. BILDE

Denne vesle, raude hytta ved sida av den høge steinen er jo eit slags «landemerke» for alle som går Åbødalen Rundt, og her var me altså fire vaksne og 3 ungar i påsken 1956, vel å merka før det romslege utbygget til høgre på bildet. Med alt i eitt rom er det nesten slik at eg kjenner odøren frå vedomnen og tørkande lærbeksaumar blanda med lukt av våte, sveitte kler og godduft frå kjøkkenkroken.

Bestefar si hytte på den såkalla Espelandssida. FOTO: Privat.

Ei segn fortel at det ligg ein gullring på toppen av den store steinen etter ei jente som ein gong blei svikta. Oppgåva er nok i brattaste laget for Glenn Tore, Ronny og randoneegjengen, men kanskje ei utfordring for Olav og klatreklubben? Dei siste påskane på 50-talet var me saman med Anna og Carl Årsheim i den «store hytta» deira på Mjelkhaug Åbødalen. Det er ikkje utenkjeleg at venskapelege forhandlingar i trivelege påskekveldar åpna vegen for kjøp av vår eiga hyttetomt 400 m derifrå? BILDE: På skitur den gong det var stil.

PÅ besøk hos Anna og Carl Årsheim i hytta deira på Mjelkhaug i Åbødalen. Frå venstre: Anna Årsheim, Solbjørg Rød, Jan Ole Rød, Kåre Rød, Paul Åbø og Alfred Rød. FOTO: Privat.

Etter å ha bytta ut hyttepåske med heimekos og dagsturar er det sjølvsagt viktig å ta vare på stemninga. Fotballgruppa sin populære folkedans på Folkets Hus palmelaurdag er historie, men minne om «tjåkfullt hus, dissande dansegolv og kranglevorne byassar» er relativt klare. Då var det trygt for oss juniorar å ha Ivar Sivle og Alf Ringstrand med på vaktlaget.

Påskedansen på Klubben påskeafta er også historie, og i år er heller ikkje besøk utanfrå så aktuelt, etter ordre frå Nakstad og Stoltenberg. Desto viktigare blir lammelåret med noko attåt, godt lesestoff saman med Kvikklunsjen og barnetimeposen.

Går det an å få tak i PP, dropsen som Rolf Kirkvåg reklamerte for? Eg er vel kanskje gammal nok for ein Lohengrin sjokolade òg? Sjølvsagt bør eg innom apoteket og skaffa meg sunt godteri, ein Muselort eller Caroxin? Viss eg lever og har helsa, så vil del 4 handla om ei rivande utvikling innan skule, nybygg og vegar, men også om eit blomstrande foreiningsliv og steile frontar i alkoholdebatten.

Caroxin og PP. FOTO: Privat.