Nøkkelen til framtida

«Eit arbeidsliv i rask endring krev nye kunnskapar, nye ferdigheiter og evne til å omstilla seg»

 

«Kompetanseutvikling er avgjerande for verdiskapinga i næringslivet og for kvaliteten i offentleg sektor» blir det slått fast i eit samandrag av stortingsmelding nr. 14 Kompetansereforma – Lære heile livet. Reforma har to mål. Det eine er at ingen skal gå ut på dato på grunn av manglande kompetanse. Det andre er å tetta kompetansegapet, det vil seia gapet mellom kva arbeidslivet treng av kompetanse og den kompetansen arbeidstakarane faktisk har.

Tida då ein gjennomførte ei utdanning og med det var rusta for eit langt arbeidsliv er i aukande grad forbi. Eit arbeidsliv i rask endring krev nye kunnskapar, nye ferdigheiter og evne til å omstilla seg. Behovet for påfyll gjer seg gjeldande over heile fjøla, frå høgt universitetsutdanna til arbeidstakarar både med og utan fagbrev.

Å omsetta ei stortingsmelding til handling og konkrete resultat kan naturleg nok krevja mykje av både tid og pengar. Det same gjeld investering i kompetanseutvikling for offentlege og private verksemder. I mange tilfelle vil den største utfordringa likevel ligga i det å få tilgang til den nye, nødvendige kompetansen. I 2021 finst sjølvsagt mykje god opplæring tilgjengeleg for alle via digitale plattformar. Men ikkje alt.

Då kompetansereforma kom, hadde Sauda vidaregåande skule alt lang fartstid i rolla som arrangør av lokale kompetansehevingstiltak i Sauda og Ryfylke. «Den gode skulen i Indre Ryfylke» har i fleire tiår vore «framme i skoa». I kampen for å overleva har skulen knytt kontaktar til samarbeidspartnarar både i utdanningssystemet og næringslivet. Ein har arrangert ei rekke kurs- og kompetansetiltak, frå høgskulestudiar til nødvendige kurs for den mekaniske industrien, ofte på bestilling frå kommune og næringsliv. Gjennom UIR, Utdanning i Ryfylke, via avleggaren MOR, har skulen hatt tilbod i tråd med intensjonane i kompetansereforma lenge før stortingsmeldinga så dagens lys. Siste tilskot på stamma, er høgskulestudiar i marknadsføring og kommunikasjon, som startar opp til hausten.

Sauda vidaregåande skule er ikkje bare viktig for at ungdommane i Indre Ryfylke skal ha eit skuletilbod i nærområdet, eller for å sikra rekruttering til lokalt næringsliv. Gjennom rolla skulen har tatt som tilretteleggar for lokale kompetansehevingstiltak, sett i lys av kompetansereforma, kan Sauda vidaregåande skule fort vera sjølve nøkkelen i det viktige arbeide med å tilføra ny kompetanse til kommune og næringsliv i Sauda.