Norsk Luftambulanse tok imot elevane frå ambulanselinja ved Sauda vidaregåande skule, for ein gjennomgang av helikoptertenesta si rolle.
Norsk Luftambulanse tok imot elevane frå ambulanselinja ved Sauda vidaregåande skule, for ein gjennomgang av helikoptertenesta si rolle. FOTO: Andreas Isaksen.

Redda praksisen for elevane

Korona skapte praksistrøbbel for ambulanse-elevane. Då bretta helseføretaka sjølv opp ermane, og kom til Sauda.

 

– Dette er trass alt framtidas ambulansearbeidarar, dei som gjerne er først på staden når ein treng hjelp. At koronaen skulle sette ein stoppar for dei viktige praktiske erfaringane dei får ute i praksis, ville vere veldig trasig for dei. Då er det fantastisk at vi har eit så godt samarbeid med Helse Fonna og Helse Stavanger. Dei bretta opp ermane, og kom til Sauda for å gi elevane praktiske øvingar og mulegheiten til å bli betre kjend med utstyret i ambulansen, fortel ein letta og glad kontaktlærar ved ambulanselinja, Kjersti Brekke, til Ryfylke.

Ambulanselinja ved Sauda vidaregåande skule er svært ettertrakta. I år søkte meir enn hundre elevar på dei 15 attraktive plassane ved linja. Elevane som har gått på linja i haust og vår, nærmar seg no den to år lange lærlingtida, der teori for alvor skal settast ut i praksis. Derfor reknast dei to praksisperiodane elevane skal gjennom, som svært viktig erfaring å ta med seg på førehand. To veker før jul, og to veker i mars får elevane praksis ved Helse Fonna og Helse Stavanger, som skulen har tett samarbeid med. Då er elevane med på reelle utrykkingar og oppdrag, og får på den måten lære å kjenne yrket slik det er i verkelegheita.

Teori og praksis

Kjersti Brekke har vore kontaktlærar ved ambulanselinja sidan 2012. Ho er sjølv utdanna anestesisjukepleiar, og underviser elevane i medisinske fag. Dei operative delane av utdanninga blir undervist av paramedic og ambulansearbeidar Ole Jonny Kloster.

Då Ryfylke er på besøk, er ambulanseelevane i full gang med praktiske oppgåver med realistiske øvingar der dei må agere som om dei er først på ulykkesstaden. Foran ein ambulanse på skuleområdet, ligg ein gut forslått, med blod rennande frå nasen og tydelege slagskader, som kan tyde på indre blødningar. Elevane Oda Sandvik Hoftun og Julie Askø stiller pasienten spørsmål, gjer undersøkingar og tar dei kontrollane som er kravd, alt medan dei kommuniserer tydeleg med kvarandre. På sida står fagkoordinator ved Stavanger ambulansestasjon, Hege Ree Årstad, og følger nøye med på alt som blir sagt og gjort.

– Eg er fornøgd. Dette er ivrige elevar som er nøye i arbeidet. Her blei alt gjort rett, seier ho.

Årstad var sjølv elev ved ambulanselinja i Sauda, i det som var Kjersti Brekkes første år som lærar ved linja. Ho stadfestar at den praksisen som elevane i år gjekk glipp av, er svært viktig for læringa i faget.

– Elevane går på ei veldig intens linje, der det er mykje teori som skal lærast. I praksisperiodane får dei sett samanhengane mellom teorien dei lærer, og slik det fungerer i ekte situasjonar. Det er bra at vi har fått muligheit til å bidra til å gi elevane eit alternativt opplegg som dette, seier ho.

Fire intense dagar

Helse Stavanger er bidragsytarar for å gi elevane fire intense dagar med praksis og realistisk erfaring. Til og med Norsk Luftambulanse stiller opp med ein gjennomgang av helikoptertenesta sin rolle i helsevesenet. På skuleområdet er det nye tilfelle som krev aksjon frå ambulanseelevane. I ei steinur ved elva ligg ei hardt skada, bevisstlaus jente. Mens hovudrettleiar frå Stavanger Universitetssjukehus, Bodil Tjøtta, følger nøye med, rykker elevane ut for å hjelpe. Det blir konstatert kritiske skader, og elevane følger prosedyrane, og får evakuert jenta på kort tid. Etterpå er det felles evaluering av alt som blei gjort.

– Ambulanselinja er veldig viktig for skulen, og det er viktig at kvaliteten er topp på undervisningsopplegget. Vi hadde ikkje klart det dette året, om det ikkje hadde vært for det veldig gode samarbeidet vi har med helseføretaka. Dei har verkeleg stilt opp, seier Kjersti Brekke til slutt.