D/S, seinare M/S Suldal gjekk nesten hundre år i rutefart på Suldalsvatnet. Nå skal «Dampen» restaurerast for nye turar mellom «Osen» og «Nes».
D/S, seinare M/S Suldal gjekk nesten hundre år i rutefart på Suldalsvatnet. Nå skal «Dampen» restaurerast for nye turar mellom «Osen» og «Nes». FOTO: Ryfylkemuseet.  

På jakt etter interiørfoto frå M/S Suldal

Ryfylkemuseet ber om hjelp frå fotograferande passasjerar på «Suldalsdampen» i tidsrommet 1953 til 1979.

13. august 1885 tøffa dampbåten D/S Suldal sin første tur på Suldalsvatnet i det som skulle bli ei lang karriere som bindeledd mellom grendene kring det 28 kilometer lange vatnet i Sauda sin nabokommune. Båten blei i 1953 oppgradert, fekk dieselmotor og blei M/S Suldal, og heldt fram i rutefart på Suldalsvatnet fram til 1979.

Nå ønsker Ryfylkemuseet å tilbakeføra båten til slik han var i tidsperioden 1953 til 1979. Det er bare eitt problem.

– Me anar ikkje korleis båten såg ut nede i salongen! Me har ei mengd fotografi av båten utanpå, men veit lite om korleis båten såg ut på innsida, fortel Elisabeth Figenschou ved museet.

Ho kryssar fingrane for at det kan finnast slike bilde ein stad der ute i dei tusen heimar.

– Har du vore passasjer på M/S Suldal og har fotografi frå salongen er me veldig interesserte i å høyre frå deg. Om det så berre er ei flik av eit panel er me i Ryfylkemuseet interesserte, seier Figenschou.

Ho oppmodar dei som har slike bilde om å ta kontakt.

M/S Suldal har stått på slipp på land sidan 2010. I 2013 gjorde Riksantikvaren vedtak om å gi skipet vernestatus og Ryfylkemuseet tok over ansvaret. Museet arbeider nå med restaurering av båten, med mål om å få «Dampen» på vatnet igjen før 2030.