Venstrehandsarbeid

Sist veke blei forslag til nye rutestrukturar for hurtigbåten på ryfylkefjordane sendt ut på høyring.

Ingen av dei tre føreslåtte alternativa som er føreslått vil i vesentleg grad forringa rutetilbodet mellom Sauda og Stavanger. Dei vil heller ikkje medføra noko betring av eit rutetilbod som tilsynelatande har blitt støypt over same leisten i femti år.

«Ein skal aldri undervurdera ei god krise» heiter det i eit munnhell. Då statlege styresmakter endra kriteria for tildeling av støtte til fylka si drift av hurtigbåtar, fall botnen ut av finansieringa av båtrutene i Ryfylke. Dei første skissene til framtidige rutekutt avvikla fjordvegen som offentleg transportåre i indre strok. Det ville medføra ei lita krise for mange av dei som nyttar båten til og frå arbeid, skule og helsevesen. Seinare har fylkespolitikarane presisert at det fortsatt skal vera eit rutetilbod i Indre Ryfylke, samtidig som staten skal bidra med litt meir enn det ei stund såg ut for.

«eit utmerka høve til å setta seg ned og legga rutekabalen heilt på nytt»

Innhaldet i munnhellet handlar sjølvsagt om at ein i krisetider ofte blir tvungen til å tenka nytt og annleis, og med det finn fram til meir framtidsretta og berekraftige løysingar. Omstilling, blir det gjerne kalla. Innføringa av kystlinjekriteriet, dei nye rammene for tilskot til hurtigbåtdrift, var eit utmerka høve til å setta seg ned og legga rutekabalen heilt på nytt. Med Ryfast, Finnfast og Rennfast og ei rekke brusamband mellom øyar i Ryfylke på plass, synest det underleg at ikkje rutestrukturane har endra seg meir med åra.

«Hurtigbåten er ikkje så hurtig og dermed ikkje så attraktiv lenger»

Det reiser seg fleire spørsmål om prosessen rundt nye hurtigbåtruter. Kvifor er det Kolumbus og ikkje fylkespolitikarane som sender forslaga ut på høyring? Og kvifor tar ikkje samferdselspolitikarane omsyn til dei store omveltingane i infrastrukturen i regionen, dei mange påpeikte «båtkøane» i Ytre Ryfylke og det uomtvistelege faktum at reisetida frå Indre Ryfylke til fylkeshovudstaden bare blir lenger og lenger. Hurtigbåten er ikkje så hurtig og dermed ikkje så attraktiv lenger når bilturen til Stavanger er betydeleg hurtigare.

Mykje tyder på at fylkespolitikarane er i ferd med å kasta vekk ei god krise. Båtrutene på Ryfylkefjordane ser ut til å bli meir av det same – men litt dårlegare. Det er sjølvsagt betryggande at det er sett føresetnader om at det framleis skal vera eit hurtigbåttilbod i indre strok, men å legga opp til mykje av det same, bare litt billegare, synest uhyre passivt og lite framtidsretta.