Livskvalitet. Arbeid. Studiar. Familie. Årsakene til at folk flyttar på seg er mange. Likevel kjem det gjerne overraskande på dei fleste at frå- og tilflyttinga til Sauda omfattar rundt 3 000 personar dei første tjue åra av 2000-talet.
Våren 2021 samarbeider aviser tilslutta Landslaget for lokalaviser (LLA) med Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK prosjektet «Den store folkevandringa». Prosjektet har fokus på flyttemønster i befolkninga, folketalsutvikling, demografi og samfunnsmessige konsekvensar av desse. Framover mot sommaren kjem Ryfylke til å presentera aktuelle saker om innbyggarane i Sauda i fortid, nåtid og framtid. Mykje av talmaterialet i sakene kjem frå statistikkar som NRK har spesialbestilt, mellom anna frå Statistisk sentralbyrå, og deretter gjort tilgjengeleg for lokalavisene.
Stor tilflytting
I løpet av dei to første tiåra av 2000-talet er det registrert 2 916 tilflyttingar til Sauda. Talet kan gjerne høyrast høgt ut då det utgjer over 64 prosent av det totale folketalet i kommunen.
– Tala viser at Sauda i grunnen har god tilflytting. Problemet er bare at endå fleire flyttar ifrå kommunen. Hadde me dei siste 20 åra klart å bremsa ned utflyttinga, hadde folketalet i Sauda vakse mykje, slår ordførar Asbjørn Birkeland fast.
Han meiner likevel at ein del av fråflyttinga både er forventa og kan vera til det positive.
– Ein del av både ut- og innflyttinga handlar om ungdom som reiser ut i verda for å utdanna seg, noko som sjølvsagt er ein god ting. Ein del av desse kjem heldigvis tilbake.
Birkeland meiner det er ein god indikasjon på at mange ungdommar kjem tilbake til Sauda at det kvart år dukkar opp fleire førsteklassingar ved barneskulane enn fødselstalet skulle tilseia.
– Det verkar som om mange utflytta saudabuar etablerer familie etter studietida, og så kjem dei flyttande tilbake til Sauda når ungane skal byrja på skulen, seier ordføraren.
Stor forflytting vanleg
Sauda skil seg på ingen måte ut i høve til omfanget av til- og fråflytting samanlikna med fleire av kommunane i grannelaget. I same periode som det har kome tilflyttarar tilsvarande 64 prosent av innbyggartalet i Sauda, har tilflytting i høve til samla folketal vore på 70 prosent i Suldal, 71 prosent i Etne, 80 prosent i Vinje, 94 prosent i Tysvær og heile 121 prosent i Haugesund. 43 698 personar har flytta til sildabyen i løpet av dei to tiåra, til ein kommune som ved siste årsskifte hadde 37 323 innbyggarar.
– Har ein jobb å gjera
Lokalt har det i ei årrekke vore eit sterkt fokus på å tiltrekka seg nyetableringar og med det nye arbeidsplassar for å demma opp for folketalsnedgangen. Nyare kunnskap peikar imidlertid også i andre retningar når det gjeld å tiltrekka seg folk.
– Demografiutvalet, leia av Victor Norman, slår fast at bustadsattraktivitet er vel så viktig som arbeidsplassar. Dette trur eg Sauda er eit godt eksempel på. Akkurat nå er det svært mange stillingar ledige i Sauda, så me «skrik» eigentleg etter arbeidskraft. Men me har ikkje mange nok utanfor Sauda som ønsker å flytta hit.
– Har du tankar om kvifor?
– Bruker me parametera som Norman og utvalet legg til grunn er det eigentleg mykje som alt er på plass når det kjem til å gjera Sauda attraktivt for busetting. Men me er nok for dårlege til å nå fram til målgruppa for å «selja» Sauda. Me må nok visa oss meir fram på studiestader og liknande, her har me ein jobb å gjera, seier Birkeland.
Meir enn éin av fem frå utlandet
Talmaterialet til «Den store folkevandringa» viser at ein betydeleg del av dei som har flytta til Sauda dei siste tiåra har kome frå utlandet, som er slått saman til éin destinasjon i statistikken, for oversikten sin del.
Den relativt høge tilflyttinga frå utlandet kjem neppe overraskande for lokale styresmakter. Placement-prosjektet, der ein freista lokka nederlendarar til Ryfylke, og seinare politisk arbeid for busetting av flyktningar i kommunen, har bidratt til å oppretthalda busetnaden i Sauda dei siste tiåra.
Innanlands kjem dei fleste nye saudabuane frå Stavanger. Sauda går imidlertid i solid minus i høve til fylkeshovudstaden. Medan 373 personar har flytta frå Stavanger til Sauda, har 568 dratt motsett veg.
Flyttar til Nord-Jæren
Nesten tre av ti av dei 3 064 som flytta frå Sauda i åra 2000 til 2019 reiste til kommunar på Nord-Jæren, med Stavanger som den mest populære. Bergen er ein god nummer to, mykje grunna posisjonen vestlandshovudstaden har som studiestad. 208 personar forsvann til utanlandske adresser medan 140 drog til Oslo.
«Alt skal slitast over, jeg skal dra»
Ordførar Asbjørn Birkeland nemnde studiar som årsak til at mange unge saudabuar flaggar ut. Tal frå Samordna Opptak viser at også dei som forlet Sauda for å utdanna seg føretrekk Stavanger som første stopp på veg til utanning og yrke. Bergen er god nummer to.
Trenden med at mange unge saudabuar tar lærar- og sjukepleiarutdanninga si på Stord ser ut til å halda fram, det same gjeld sivilingeniørstudiar på NTNU i Trondheim.
Tilflyttarar til Sauda 2000-2019 kjem frå: | |||||
Kommune | Menn | Kvinner | Tal | Prosent | |
1 | Utlandet | 311 | 331 | 652 | 22,4 |
2 | Stavanger | 186 | 187 | 373 | 12,8 |
3 | Bergen | 101 | 79 | 180 | 6,2 |
4 | Sandnes | 93 | 79 | 172 | 5,9 |
5 | Haugesund | 76 | 60 | 136 | 4,7 |
6 | Suldal | 72 | 51 | 123 | 4,2 |
7 | Oslo | 52 | 50 | 102 | 3,5 |
8 | Sola | 45 | 32 | 77 | 2,6 |
9 | Karmøy | 37 | 35 | 72 | 2,5 |
10 | Vindafjord | 31 | 25 | 56 | 1,9 |
11 | Klepp | 23 | 17 | 40 | 1,4 |
12 | Odda | 26 | 9 | 35 | 1,2 |
13 | Strand | 17 | 15 | 32 | 1,1 |
14 | Gjesdal | 13 | 16 | 29 | 1,0 |
15 | Tysvær | 14 | 14 | 28 | 1,0 |
16 | Trondheim | 12 | 14 | 26 | 0,9 |
17 | Etne | 16 | 7 | 23 | 0,8 |
18 | Bømlo | 13 | 9 | 22 | 0,8 |
19 | Hjelmeland | 10 | 12 | 22 | 0,8 |
20 | Stord | 13 | 9 | 22 | 0,8 |
Dei som flytta frå Sauda i 2000-2019 drog til: | |||||
Kommune | Menn | Kvinner | Tal | Prosent | |
1 | Stavanger | 288 | 280 | 568 | 18,5 |
2 | Bergen | 137 | 109 | 246 | 8,0 |
3 | Utlandet | 107 | 101 | 208 | 6,8 |
4 | Sandnes | 103 | 96 | 199 | 6,5 |
5 | Haugesund | 97 | 94 | 191 | 6,2 |
6 | Oslo | 69 | 71 | 140 | 4,6 |
7 | Karmøy | 57 | 53 | 110 | 3,6 |
8 | Sola | 51 | 33 | 84 | 2,7 |
9 | Suldal | 42 | 31 | 73 | 2,4 |
10 | Kristiansand | 27 | 24 | 51 | 1,7 |
10 | Trondheim | 27 | 24 | 51 | 1,7 |
12 | Vindafjord | 19 | 18 | 37 | 1,2 |
13 | Strand | 14 | 17 | 31 | 1,0 |
14 | Etne | 20 | 10 | 30 | 1,0 |
14 | Odda | 17 | 13 | 30 | 1,0 |
14 | Tysvær | 13 | 17 | 30 | 1,0 |
17 | Hjelmeland | 11 | 16 | 27 | 0,9 |
18 | Gjesdal | 12 | 14 | 26 | 0,8 |
18 | Stord | 17 | 9 | 26 | 0,8 |
20 | Klepp | 14 | 9 | 23 | 0,8 |
20 | Porsgrunn | 12 | 11 | 23 | 0,8 |
Studiestader for utflytta saudabuar 2000-2019* | ||
1 | Stavanger | 103 |
2 | Bergen | 95 |
3 | Stord | 28 |
4 | Trondheim | 24 |
5 | Sogndal | 21 |
5 | Oslo | 21 |
7 | Kristiansand | 15 |
8 | Lillehammer | 13 |
8 | Haugesund | 13 |
10 | Sandnes | 10 |
* Tal frå Samordna Opptak er ikkje ein heilt nøyaktig statistikk.
Denne saka er ein del av «Den store folkevandringa», eit samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK.»