Renessanse i Rådhusgata

Det skjer ting i Rådhusgata om dagen. Bare nokre veker etter at «Heimalaga» fekk gang på grytene i dei gamle apoteklokala i sparebankbygget, blir det i dag på nytt lys i butikkvindaugo rett over gata når Sauda Faghandel opnar dørene i lokala etter Sauda Fargehandel.

I dagens Ryfylke kan du lesa at saudabuen har tatt imot Charlott på «Heimalaga» sin husmannskost med open munn. Og vel så det. Responsen dei første vekene, med meir enn 1000 selde middagsporsjonar, tyder på at rimeleg, enkel og tradisjonell mat er noko folk vil ha. Tidlegare har avisa skrive om dei spenstige planane tvers over gata, der planane om å bygga ut og få til eit lite kjøpesenter står ved lag. I dag opnar den første butikken på staden. Det blir spennande å følga med den vidare utviklinga.

«saudabuen har tatt imot Charlott på «Heimalaga» sin husmannskost med open munn»

Etablering av ny næring i sentrumsgatene er ikkje daglegdags i Sauda. Desto hyggelegare er det når det skjer. Tomme, fråflytta butikklokale, særleg i sentrumskjernen, gapar imot oss som synlege bevis på pessimisme, fråflytting og nedgangstider. Nytt liv og ny verksemd ber bod om pågangsmot, optimisme og framtidstru. Og så er det ofte slik at aktivitet avlar aktivitet. Jo meir positivt som skjer i sentrum i form av nye tilbod, jo fleire folk kjem, både av fastbuande og deltidsinnbyggarar. Meir folk i gatene gir auka handel og trekk til seg endå meir folk, som vil vera der ting skjer.

Eit ønske om eit levande sentrum med eit variert tilbod av varer og tenester er avhengig av at nokon både orkar og tør å satsa. Å starta ny verksemd er på ingen måte utan risiko. Nye tal frå Statistisk sentralbyrå viser at under halvparten av føretaka som blei starta opp i 2013 overlevde 2014. Bare litt i overkant av kvart fjerde av 2013-føretaka kom seg gjennom 2018.

«Det er både vemodig og trist når nokon låser døra for siste gong»

Det kan vera alt frå enkle til meir samansette grunnar til at enkelte butikkar og etestader vel å legga ned drifta. Det er både vemodig og trist når nokon låser døra for siste gong, særleg dei som «alltid» har vore der. Samtidig vil ei viss utskifting og fornying vera heilt naturleg. Så lenge det kjem nye aktørar på banen med ny aktivitet, vil attraktiviteten til sentrum bestå.

Grunnlaget for å få til eit levande sentrum skaper næringslivet og kundane i lag. Dei næringsdrivande ved å gjera seg sjølv attraktive for kundane, og kundane ved å vera bevisste på å nytta lokale tilbod, både hos nye og meir etablerte aktørar.