Sand i maskineriet

Eit sikker vårteikn er når strøsanden frå vinteren som gjekk blir feia opp frå gatene. Trass moderat sandforbruk gjennom vinteren, ser det ut for at ein del av strøsanden kjem til å bli liggande denne våren.

Grunnen er, ikkje uventa, pengemangel. Kommuneleiinga var i haust tydelege på at den tronge kommuneøkonomien, med budsjettkutt i alle tenesteområde, ville få konsekvensar for tenestetilbodet inneverande år. Den siste veka har ein i Ryfylke kunna lesa om to direkte konsekvensar av at kommunen har mindre å rutta med: Mindre gatefeiing og færre sommarjobbar.

Det er sjølvsagt ingen ønskeleg situasjon for kommunen å måtta prioritera så hardt som nå, og gjera grundige vurderingar av kva som er nødvendig og kva som må vika. Røyndomen gjer likevel at både barnehagar, skular, helse- og omsorgstenesta og teknisk eining må ta desse vanskelege vala. Redusert gatefeiing er både leit og uheldig, men det er enkelt å finna kommunale tenester som når alt kjem til alt er både viktigare og meir nødvendige.

«Betydninga av å ha reine, nykosta gater skal likevel ikkje feiast under teppet»

Betydninga av å ha reine, nykosta gater skal likevel ikkje feiast under teppet. Ein ting er at sanden har ein tendens til å følga med inn under skoa, til frustrasjon og ekstraarbeid. Ein annan dette med at dei fleste ønsker å ha det er reint og velstelt ikring seg – dette handlar om trivsel og bulyst. Laus sand på asfalten medfører også ein viss trafikkfare, spesielt for tohjula farkostar. I lys av Sauda si ambisiøse satsing på auka bruk av sykkel, skurrar det litt når ein ikkje klarer å finansiera eit såpass enkelt og rimeleg tryggings- og tilretteleggingstiltak som å fjerna strøsanden etter vinteren.

Det er lett å sitta på utsida og klaga si naud over sand i vegen og forbanna kommunen for ikkje å få til å feia alle gatene. Skal det brukast meir pengar på feiebilar, må imidlertid desse pengane tas frå noko anna, med mulege konsekvensar for andre kommunale tenester.

«Å gjera det reint, ryddig og triveleg i Sauda er ikkje bare kommunen si oppgåve.»

Å gjera det reint, ryddig og triveleg i Sauda er ikkje bare kommunen si oppgåve. Her kviler eit felles ansvar på alle oss som bur her. Kommunen er ikkje bare eit «dyr» som bur på Rådhuset, det er også alle innbyggarane som bur der. Om ikkje feiebilen kjem forbi der ein bur, krev det lite av både utstyr og innsats å fjerna sanden i gata utanfor – til glede både for ein sjølv og for alle som ferdast der.