Laurdag går arrangementet Ung Kultur Møtes av stabelen på Folkets hus, med rekordhøg påmelding. Her er Sarah Ljung i aksjon under arrangementet i 2019.
Laurdag går arrangementet Ung Kultur Møtes av stabelen på Folkets hus, med rekordhøg påmelding. Her er Sarah Ljung i aksjon under arrangementet i 2019. FOTO: Arkiv.

Trippel rekordpåmelding til kulturmønstring

Førstkomande laurdag går arrangementet Ung Kultur Møtes av stabelen på Folkets hus, og talet på påmelde har aldri vore større.

– Eg trur nok elevane ved kulturskulen er lei av bitte små minikonsertar, null publikum og avlysingar av arrangement. Laurdag blir UKM gjennomført, og det er heile 93 påmelde. Det er minst trippel rekord, fortel rektor ved kulturskulen, Eli-Jorun Tangeraas, til Ryfylke.

Dei gjeldande koronarestriksjonane tillet opp til 100 publikummarar, og Tangeraas både håpar og trur at arrangementet vil gå framfor ein sal med maksimalt tal på kulturglade tilskodarar.

– Eg har fått meldingar frå ivrige foreldre som gler seg veldig til å sjå sine i aksjon, så eg har tru på at vi vil fylle dei hundre plassane, seier ho.

Lokal jury

Årets arrangement vil vere todelt, der danse- og kulturinnslag vil starte opp frå klokka tolv, medan musikkinnslaga vil starte klokka to. UKM vil i år ta med deltakarar heilt ned i åtte års alder, slik at også desse kulturskuleelevane får litt scenetrening. Dei yngste deltakarane får imidlertid ikkje anledning til å gå vidare til fylkesmønstringa.

– For å gå vidare til fylkesmønstringa i haust, er ein nøydd å vere 13 år eller eldre, og for kvar femte påmelde, vil vi ha mulegheit til å sende éin vidare.

Kven som skal sendast vidare til fylkesmønstringa, blir avgjort av ein lokal jury i Sauda.

Reagerte med glede

Eli-Jorun Tangeraas beskriv det siste året som heilt spesielt. Sjølv om kulturskulen har jobba med å klare konsertar i miniformat, har det ikkje vore lett å planlegge noko som helst av arrangement, med koronareglar som endrar seg frå veke til veke.

– Vi har lært oss å jobbe på ein ny måte. Der vi før kunne planlegge konsertar og tilstellingar fleire månader i førevegen, må vi no tenke i eit dag for dag-perspektiv. Når vi no har sendt ut melding til alle dei påmelde om at UKM blir gjennomført, var det mange som reagerte med glede, fortel ho.

Tangeraas seier vidare at arbeid med unge og kultur, ikkje bare handlar om å spele, danse og ha det kjekt. Det ligg viktig læring i det å skape kunst og musikk, og framføre det ein driv med for eit publikum.

– Ein får utruleg viktig øving ved å framføre for eit publikum. Det er erfaring ein tar med seg vidare i livet, og som gir sjølvtillit og tryggheit. Ein vil for eksempel slite med å bli politikar, om ein aldri har stått framfor eit publikum. Så dette er nyttig på mange måtar, i tillegg til at det er kjekt, fortel ho til slutt.

Årets utgåve av Ung Kultur Møtes vil ha innslag frå deltakarar som opprinneleg var påmelde arrangementet tidligare i år.

– Det er ikkje lenger anledning til å melde seg på, opplyser rektoren.