Datasenter i Hellandsbygd, ei kulturreise!

Det lyder eigentleg heilt utruleg… For godt til å vera sant! Men ikkje alle verkar å vera einig i det…

Etter utfasinga av stasjon 1 fatta NVE eit rivingsvedtak. Kraftstasjonen, røyrgata og alt av synlege teikn frå kraftutbygginga skulle fjernast og jamnast med jorda. Dette fann me i bygdautvalet ut var urimeleg og forkasteleg og ynskja derfor å be om vern. Dette sendte me som innspel til kulturminneplanen. Etter ei stund  fekk me tilbakemelding om ein mogleg oppstart av ny produksjon. Dette var fantastiske nyheiter for Hellandsbygd. Full produksjon er det beste vern! Men som alle veit. Dette var for godt til vere sant. Utruleg nok blei det ein omgang nummer 2.  Så me får håpe me slepp ekstraomgangar !

Sauda gjekk frå å være ein industristad i vekst til å bli ein omstillingskommune allereie på 70/80-tallet. Etter den tid har det heile tida blitt jobba med omstilling. Etter vi fant olja på 70-tallet, vaks det opp nokre mekaniske bedrifter i Saudasjøen. Nokon driv framleis. Men nå som olja skal bli avleggs og vi skal møte eit grønt skifte, må det ein STOR omstilling til.

SNU, Sauda Bedriftskapital, Sauda Vekst og Sauda KF har jamnt og trutt jobba med næringsutvikling dei siste 40 åra. Den siste store bedrifta dei har klart og landa, og som framleis er i produksjon, er vel SI-Glass på 90-tallet. Ellers så har dei hatt utallige ballar i lufta. Alt frå fiskeoppdrett på lekter (Heerema), flisproduksjon, algeproduksjon, rekeproduksjon(Happy Prawns), ulike typer grøn vekst, ammoniakkfabrikk og nå sist datasenter. INGENTING har enda landa! Kvifor ?

Det viser seg at omtrent alle velgjer å etablera seg nær byane og kundane. Green Mountain på Rennesøy og Kallberg i Time  er gode/dårlege eksempel på det.  Sist veke gjekk Arbeiderpartiet og Høyre i Time inn for full utbygging av 1800 mål på dyrka jord ! Det byggjes ein 67 km lang motorveg med kraft frå Lysefjorden og ut til Time. Elles planlegg Statnett å byggja kraftlinjer frå Etne til Gismarvik i Tysvær.  Det blir i tillegg diskutert om dette heller skal hentast frå Sauda fordi linjene vil skjemma for mykje i naturen. Sauda er meir vane med slikt.

Nå har vi moglegheita til å bruka krafta vår lokalt. Det er 10 MW ledig kapasitet i koblingstasjonen til Saudefaldene/Statkraft i Hellandsbygd. Den kan enkelt koplast til Stasjon 1. Kommunen skal overta stasjonen med ei medgift på 1,5 millionar. X-bit ynskjer å leiga stasjonen og betala heile oppussinga på 12-13 MNOK i løpet av 3-5 år. Alt dette blir nøye formulert av Kommunen sine advokatar med kraft som sitt spesialfelt. Sauda kommune har cirka 110 GWH i konsesjonskraft. I dag brukar me cirka 90 GWh i alminneleg forbruk. Det vil seia at det er rundt 20 GWh ledig kapasitet. Denne straumen blir overført til fylket i dag. Datasenteret sitt straumforbruk vil auka det alminnelege forbruket med cirka 10 GWh. Noko som vil resultera i cirka 2,0 millionar i ekstra skatteinntekter til kommunen. Dette åleine tilsvarer omtrent skatteinngangen frå ti arbeidstakerar.

Ein ting er sikkert; Viss ikkje me bruker krafta vår lokalt ,vil den garantert bli brukt ein annan plass i kraftmarknaden. Det er eit fritt kraftnett i heile Norden, så det er umogleg å seie kor krafta vår til slutt blir brukt. Vi kan omtrent ikkje opna avisa ein dag utan at vi les om nye planar for etablering av datasenter eller batterifabrikkar.

Så kva vil me og kva er me redde for? Det som me er litt redde for er dette nye skumle greiene med blant anna Bitcoin. Kva kan nå det vera? Digitale pengar…. Ja kva har me i dag då? Det blir kviskra om illegal verksemd som narkotika og kvitvasking… Veit me det ? Eller antar me det? For kva veit me eigentleg om pengane våre i banken? Dei står i alle fall ikkje på høgrentekonto lenger. Nei dei blir spreidd rundt omkring i alle slags typar fond og aksjar. Kjenner me desse verksemdene? Er dei kan hende registrert i skatteparadis som Cayman Island? Kva med Norges Bank sine fond og oljefondet? Manganproduksjon er det vel heller ikkje alle som veit alt om.

Og kva så  med miljøavtrykket? Her skal ingenting byggast, bare renoverast.  Rapportar frå  SINTEF i 2020 viser at det er mykje meir berekraft i å bevara bygg en å riva og byggja nytt. Renovering av den første kraftstasjonen i Hellandsbygd føyer seg fint inn i den gode prosessen Sauda har med bevaring av mellom anna Folkets Hus, Sauda Klubb, Åbøbyen og andre historiske element som fortel noko om historia vår. I tillegg gir eit datasenter null CO2- utslepp. Ergo ein heilt klimanøytral produksjon. Dette må jo vera mykje betre enn industrirøyk! Ja, så mogleg det er feil å kalle dette for industri…..

Elles så må vi tenka at datautviklinga skjer i lynet sin hastigheit og det dukkar stadig opp nye digitale løysingar. Om nokre år blir det garantert produsert noko heilt anna i Stasjon 1. Kunstig intelligens og robotar kan gjerne bli eit nytt produkt. Det får meg til å tenka på Hatteland i Skjold som Sauda sa nei til på 80/90-tallet. I dag er bedrifta hans verdt over 65 milliardar kroner!  Det er også mogleg å tenkje på kva ein kan få bruka overskotsenergien på.  Jone Wiig på Jæren har satt i gong eit forsøksprosjekt med planting av eksotisk frukt som avokado og vanilje. Dette kan også bli ein glimrande moglegheit for landbruket i Hellandsbygd til å tenke ny, alternativ produksjon inn i det grøne skiftet. Så her er det viktig å tenka litt utanfor boksen i tillegg.

Så kva betyr dette for Sauda og Hellandsbygd ?

Sauda: 1. Eit datasenter vil gi nye arbeidsplassar, styrka grunnlaget for leverandørbedrifter og mogleg gje nye innbyggarar 2. Sauda vil endeleg få landa eit prosjekt.  3. Sauda vil bli sett på kartet for datalagring. (Det er i dag 18 datasenter i Norge) 4. Sauda vil få cirka to millionar kroner i ekstra skatteinntekter. 5. Sauda vil uansett korleis det går ha eit renovert næringsbygg klar for utleige.

Hellandsbygd: 1: Stasjon 1 blir verna i form av ny produksjon 2. Dette vil gje nye arbeidsplassar, innbyggarar og framtidshåp. 3. Bøndene i bygda kan bli ein del av det grøne skiftet . 4. Ei kulturreis frå kraftverk til datakraft har landa der alt starta.