Mathilde Mikkeline Aartun (frå venstre), Ane Schibevaag Søndenå og Ingrid Fatnes skal representre Sauda i finalen i Ryfylkequizen, etter ein imponerande innsats i quizen på Sauda ungdomskule tysdag.
Mathilde Mikkeline Aartun (frå venstre), Ane Schibevaag Søndenå og Ingrid Fatnes skal representre Sauda i finalen i Ryfylkequizen, etter ein imponerande innsats i quizen på Sauda ungdomskule tysdag. FOTO: Andreas Isaksen.

Desse jentene skal representere Sauda i Ryfylkequizen:

– Eit sjokkerande høgt nivå

Superlativa hagla frå prosjektleiar og quizmaster Tor Øyvind Skeiseid, då desse tre jentene knuste all motstand i Ryfylkequizens innleiande runde tysdag.

– For eit sjukt nivå, braut quizmaster Skeiseid spontant ut, då poenga var ferdig delt ut til dei tre laga som kjempa om finaleplass i Ryfylkequizen 2021. Tysdag starta ungdomsskulen med innleiande quiz i klasseromma, der tre lag kvalifiserte seg til avgjerande quiz i kantina. Vinnarlaget i denne quizen skal representere Sauda under den direktesendte finalen i Forsand 2. juni.

Alt i den innleiande runden sette dei tre jentene Mathilde Mikkeline Aartun, Ingrid Fatnes og Ane Schibevaag Søndenå ein heilt ny standard. Med 42,5 av 45 mulege poeng, leverte dei ein botnsolid innsats, som blei følgt opp etter alle kunstens reglar i den avgjerande quizen i kantina på skulen. Der kjempa jentene, som kalla laget sitt for ”Mai”, mot laga ”Ops glømte å øva” og ”#getruniontv”.

Mykje pugging

Veit du kva firma som har slagordet ”A special fish for special occations”? Veit du kva bygd som to år på rad har laga Norges beste eplemost? Eller kor mange innbyggarar som finst på Flørli Kraftstasjon?

Dette er nokre av spørsmåla i årets ryfylkequiz, og for dei tre jentene i ”Mai” var dette plankekøyring. Med 30 av 31 mulege poeng, avgjorde dei quizen alt før siste runde skulle starte. Korleis kan tre jenter i åttande klasse sitte inne med så mykje kunnskap om Ryfylke?

– Masser av pugging. Vi har pugga på skulen, og vi har pugga heime. Vi har også laga leiker der vi kombinerer pugginga med andre ting. For eksempel har vi kasta ball, og kvar gong vi kaster, stiller vi eit spørsmål. Dei som svarer feil, må springe ein runde rundt huset. Da blir det jo litt press, fortel Ingrid Fatnes.

– Sjokkerande

Grunna reglar for smittevern og kohortar, blei den avgjerande quizen i kantina direktesendt via Facetime til klasseromma, der klassane satt og heia fram sine.

Jentene på vinnarlaget er heilt tydelege på kva ambisjonar dei har for finalen i Forsand.

– Vi skal bruke tida fram til finalen godt, og pugge endå meir. I tillegg skal vi dra ut på ein guida tur i Ryfylke for å lære endå meir, fortel Ane Schibevaag Søndenå.

– Vinnarane skal, akkurat som i fjor, kome frå Sauda, legg Mathilde Mikkeline Aartun til.

Tor Øyvind Skeiseid legg ikkje skjul på at kunnskapane dei tre jentene viste under årets quiz på Sauda ungdomsskule, var imponerande.

– Dette er rett og slett eit sjokkerande høgt nivå. I forhold til poenga det var muleg å oppnå, er det ingen som har klart dette i løpet av dei seks åra vi har hatt quiz, seier han.

Prosjektleiar og quizmaster Tor Øyvind Skeiseid frå Ryfylkealliansen skildrar Ryfylkequizen som eit viktig arbeid for identitetsskaping og bulyst i Ryfylke. FOTO: Andreas Isaksen.

Direktesendt

Av smittevernomsyn blei fjorårets finale halden utan publikum, men i staden sendt direkte på nett. Ifølge prosjektleiar hos arrangør Ryfylkealliansen, Tor Øyvind Skeiseid, var direktesendinga ein så stor suksess, at det blir gjentatt i år.

– Direktesendinga skapte så stor interesse at vi kjem til å halde fram med å gjere det på denne måten. Både Ryfylke.no og lokalavisene vi gi tilgang til sendinga, som skal vere 2. juni. I fjor var det fleire tusen som følgte sendinga, så vi trur det blir mange sjåarar også i år, seier han til Ryfylke.

Ryfylkequizen blei i fjor vunne av laget frå Sauda, og avisa Ryfylke vil vere ein av lokalavisene som viser den direktesendte finalen på nett i år.

– Viktig arbeid

Skeiseid fortel at quizen for åttandeklassingane frå Strand, Sandnes, Hjelmeland, Sauda, Stavanger og Suldal, er ein viktig del av Ryfylkealliansens arbeid for identitetskaping og bulyst i regionen.

– Quizen er ein del av noko mykje større. Dette handlar om at ungdomane får eit bevisst forhold til staden dei veks opp. Skulane tar tema frå quizen inn i undervisninga, og eg trur arbeidet vi gjer med denne quizen er det viktigaste identitetsprosjektet Ryfylkealliansen driv med. I tillegg har vi fått tilbakemeldingar på at skulane har det veldig kjekt med dette, fortel Skeiseid.

Også Hjelmeland Sparebank bidrar i quizen, med pengepremiar til dei tre beste laga i finalen, som går av stabelen 2. juni i Forsand.

Om du stadig lurer på svara på dei tre spørsmåla som blei nemnt tidligare i artikkelen, er dei rette svara at slagordet tilhøyrer Sterling white halibut, Norges beste eplemost kjem frå Grønvik i Hjelmeland, medan Kraftstasjonen på Flørli har to innbyggarar.

Desse laga kjempa om plass i finalen

”Ops glømte å øva”

* Signe, Christina og Vår

”#getruniontv”

Even, Andreas og Runi

”Mai”

Mathilde, Ingrid og Ane