Sauda sitt trumfkort

Fleire aktørar i det lokale næringslivet har over tid møtt utfordringar med å knyta til seg ny og tilstrekkeleg med arbeidskraft. Korleis skal det då gå dersom ein amoniakkfabrikk på Birkeland om nokre år skal rekruttera 50 til 100 medarbeidarar?

Kommunalsjef Eirik Daniel Fatnes har, med Distriktsnæringsutvalet i ryggen, høgst sannsynleg rett når han i dagens avis hevdar at attraktivitet i distrikta slett ikkje bare handlar om arbeidsplassar. Levebrødet er sjølvsagt viktig, men å kunna tilby eit levande lokalsamfunn med eit godt offentleg tenestetilbod og eit rikt kultur- og fritidstilbod, viser seg faktisk å vera hakket viktigare.

Kartlegging av kommunen sine tenester viser at Sauda scorar godt både på oppvekstvilkår, helse og omsorg og kultur; områda som gjerne betyr mest for potensielle nye innbyggarar.

«Saudabuen er knallgod på dugnad og frivillig arbeid»

Eitt faktum som også speler ein vesentleg rolle i arbeidet med å skapa bulyst og attraktive lokalsamfunn er likevel underkommunisert og ofte litt gløymt: Saudabuen er knallgod på dugnad og frivillig arbeid – og frivilligheita står for eit formidabelt bidrag i arbeidet med å gjera Sauda til ein best muleg stad å bu og leva.

Sauda sitt lag- og foreiningsliv har i «alle år» vore umåteleg rikt og aktivt. Som Ola E. Bø så treffande uttrykte det i eit radiokåseri i 1990: – Om ein dividerer innbyggartalet på antal lag og foreiningar, skulle ikkje saudabuen ha tid til anna enn fritid… Sidan då har nokre lag forsvunne, andre har kome til. Innsatsen og verdiskapinga er likevel ennå stor – om ikkje større.

Den frivillige innsatsen kjem til uttrykk på mange måtar. Nokre arbeider i det stille, gjerne med det same styreverv i tiår etter tiår. Nokre arbeider mykje og intenst – til dømes med å finansiera og bygga nye idrettsanlegg. Enkelte gjer begge deler. Sauda har og har hatt mange eldsjeler som yt ein uvurderleg, ueigennyttig innsats innan idrett, humanitært arbeid, kultur- og kristenliv. Dei frivillige kreftene i Sauda har vist at dei har kondis. Dugnadsarbeidet på Folkets Hus, Saudadagane og Tour des Fjords har vist at me også kan mobilisera – når det trengst.

«Det er lov å skryta, men ikkje lyga»

«Det er lov å skryta, men ikkje lyga» er eit kjend omgrep i marknadsføring. Innfødde saudabuar er godt vande og ser gjerne ikkje kva enorme ressurs det frivillige arbeidet representerer. Det er utvilsamt noko me kan skryta av. For å tiltrekka seg nye innbyggarar må saudasamfunnet spela korta sine godt. I dette spelet er det frivillige Sauda eit trumfkort.