Øyvind Tveitane Lovra
Øyvind Tveitane Lovra FOTO: Privat.

Større kommunar = dårligare lokale tilbud!

Det er med skrekk og gru eg les Rogaland Høgres sitt forslag til ny kommunestruktur, og eg ser på det som ei åtvaring om kva som kan komma til å skje viss Høgre får halda fram i regjering.

Dei har laga ei oppskrift med fire punkt for å lage ny kommunestruktur:

– Utrede nytt kommunekart i Rogaland og Norge.

– Lytte til folk og kommuner.

– Stortinget tegner og bestemmer det nye kartet.

– Tvang om nødvendig.

(Punkta er henta frå programforslaget til Rogaland Høgre, gjengitt i aftenbladet.no)

Bruken av tvang er ein dårlig ingrediens i ein slik prosess, og det slår ihel deira eige punkt om å lytta til folk og kommunar. Slik eg forstår det, vil dette med andre ord seia at dei utelukkande vil lytta til folk og kommunar dersom svaret er likelydande med Høgres syn på kommunestruktur- noko som talar imot folket sitt syn på saka!

At dei vil at Stortinget skal ta fram fargestiftane og teikna nytt kommunekart, vitnar også om ei arrogant halding til kommune-Noreg, i tillegg til at det er udemokratisk. Det er me som bur i dei forskjellige kommunane, som må få bestemma korleis me ynskjer å ha det.

Rogaland Høgre tar blant anna opp at tre til fem kommunar i Rogaland er betre for å sikra betre tenester i framtida. Det meiner Senterpartiet er grunnleggjande feil. Tvert i mot, meiner me at dette vil skapa dårlegare tenester for folk flest. Høgre i Rogaland foreslår at dei fire Ryfylke-kommunane som står igjen åleine etter forrige samanslåing skal verta ein. Avstandane til tenestetilboda er allereie lange for mange i kommunane våre og vil verta ekstremt mykje lengre om Høgre får det som dei vil.

Eg håpar at me til hausten får ei ny regjering som ser heile Noreg og ikkje berre dei mest sentrale delane av landet!