Etterlengta medvind

Laurdag kom nyheita om at Fiskeridirektoratet godkjenner Albatros Technology sin søknad om å få driva lakseoppdrett på lukka anlegg i Saudafjorden. Det har tatt fire lange år å få igjennom søknaden om utviklingsløyve, først med avslag, deretter klage til Nærings- og Fiskeridepartementet, medhald i klagen og ny behandling i direktoratet. Med løyvet i boks, er eitt av dei største hindera for at Sauda skal få vera med på å utvikla ei av Norges største eksportnæringar passert.

Etablering av ny næringsverksemd og nye arbeidsplassar har stått høgt på prioriteringslista i Sauda dei siste tiåra, mellom anna for å motverka den negative folketalsutviklinga og konsekvensar av denne. Sjølv om løyvet som nå er gitt er skalert ned frå den opprinnelege skissa, inneber konseptet ei samla investering på i overkant av éin milliard kroner. Ei realisering vil også gi mange tital nye og svært etterlengta arbeidsplassar.

«totalt vil dei to nyskapingane kunna tilføra meir enn 100 nye jobbar»

Like før påske skreiv Ryfylke om at det blir arbeidd med planar om ein stor fabrikk for produksjon av grøn ammoniakk på Birkeland. Også ei slik etablering vil gi arbeid til mange, og totalt vil dei to nyskapingane kunna tilføra meir enn 100 nye jobbar til kommunen.

Ikkje alle saudabuar er like begeistra for planane om å ha ein lekter på storleik med ein fotballbane flytande i fjorden, noko fleire gav uttrykk for i sosiale medium då planane blei presentert for nokre år sidan. Også storinvesteringa på Birkeland vil visa godt igjen og legga beslag på eit stort areal om bygginga blir vedtatt. Dessverre er det slik at etablering av ny industri og ny næringsverksemd i mange tilfelle vil krevja plass og inngrep i natur og nærmiljø, noko kraft- og industrisamfunnet Sauda sjølvsagt kjenner godt til. Det sentrale spørsmålet er om lokalsamfunnet går i pluss når ein reknar arbeidsplassar og økonomi i høve til verdien av naturverdiane ein forsakar.

Ennå står det att mykje arbeid og fleire og avklaringar før ordførar Birkeland kan heisa flagget til topps på Rådhuset og feira at arbeidet med å tiltrekka seg ny næring endeleg har gitt fast fisk. Det er likevel lenge sidan Sauda har vore så nær etableringar som gir så mange arbeidsplassar – i alle fall når det nå er snakk om to på ein gong. Det er nesten som ein anar ei kjensle av medvind…