Dugnadsånda lever

Dei som likar å gå tur langs Storelva frå Lillebekk og mot Lona, kan ikkje ha unngått å leggja merke til kor fint rydda det er langs stiane.

Busk og kratt som har ein tendens til å veksa inntil og gjerne siga  ned over stien i vått ver , er pent kutta ned og lagt til sides. Her slepp ein å bøya seg under eller smyga forbi. Stiane er også godt grusa og planerte.

Det er lett å gå både for dei sprekaste og dei av oss som gjerne treng noko å støtta seg på. Ein tur langs Storelva kan anbefalast og dei som gjer det viktige ryddearbeidet fortener stor takk, ros og honnør.