Julie Arnfred Bojesen.
Julie Arnfred Bojesen. FOTO: Privat.

Takk for sist, Julie Arnfred Bojesen!

Julie Arnfred Bojesen, 29 år

Før: Engasjert ungdom og journalistvikar i Ryfylke

Nå: Leiar for eit ukrainsk-dansk ungdomshus i Kiev i Ukraina

Julie Arnfred Bojesen markerte seg i Sauda under oppveksten sin, ved å vera ein engasjert og initiativrik ungdom. Etter vidaregåande kombinerte ho reising rundt i Vest-Europa med vikarjobbing i avisa Ryfylke. Deretter følgde folkehøgskule i Danmark, ei  bachelorgrad i statsvitenskap i Aarhus – med praktikantjobb i Ukraina, jobb i eit reiselivsselskap, mastergrad i ”Communications and development» i Malmø, jobb i Det Udenrigspolitiske Selskab i København – før ho ut av det blå blei tilbode jobb for det ukrainsk-danske ungdomshuset i Ukraina.

Kva gjer du nå?

Akkurat nå er eg i den vesle danske byen Assens på Fyn og ventar på klarsignal til å få flytta til Kiev i Ukraina. Eg har hatt denne leiarjobben sidan 15. februar, men på grunn av koronasituasjonen har det så langt blitt heimekontor frå Danmark. Eg flyttar til Ukraina  saman med min franske kjærast, Sylvain. Me har ennå ikkje funne plass å bu, og han har ikkje fått seg jobb. Men det ordnar seg nok, så snart me får kome oss til Ukraina. Målet er å få reisa i starten på mai. Eg har også planar om å begynna på språkkurs, for å læra meg ukrainsk og meir russisk.

Kva hugsar du best frå Sauda?

Haha, eg hugsar jo alt. Eg var jo heime sist sommar! Men eg vil trekka fram to ting. Naturen. Det at ein har naturen så nær er ganske spesielt. Det tar bort stress og gjer at ein får sett ting i perspektiv. Det andre er lokalsamfunnet i seg sjølv, det at alle kjenner alle og at alt er veldig trygt. Eg vil fortsetta med å komma heim når eg kan. Å flytta til utlandet er ikkje som før, då ein nesten aldri kom heim igjen. Me kjem nok til å reisa til både Sauda, Danmark og Frankrike i feriar og høgtider.