I går, torsdag, var det ”pysjamasdag” for russen på Sauda vidaregåande skule. Frå venstre: Henrik Sumstad, Tollef Grindheim, Marcus Ramsnes – og i sovande positur: Truls Øye.
I går, torsdag, var det ”pysjamasdag” for russen på Sauda vidaregåande skule. Frå venstre: Henrik Sumstad, Tollef Grindheim, Marcus Ramsnes – og i sovande positur: Truls Øye. FOTO: Ingvil Bakka.

I dag blir russen ”døypt”

Sjølv om det er nok ein korona-vår, er det liv i Sauda-russen. Ungdommane får stor ros for sitt smittevernarbeid.

– Me har fått laga ein veldig god smittevernplan for russedåp-arrangementet, seier Tollef Grindheim.

19-åringen er blant ungdommane i årets russekull ved Sauda vidaregåande skule, som i år tel 42 russ.

I dag, fredag, arrangerer russen den faste ”russedåpen” sin. I dåpen får kvar russ sitt russenamn/kallenamn. Etter at dåpen er gjennomført kan ungdommane bruka russekleda sine når dei fartar rundt i lokalmiljøet i tida fram til 17. mai.

Russestyret opplyser i ei pressemelding at dei held fokus på smittevern og at dei skal ha vakter i området.

– Etter ein haust med avlysing, gler me oss til å endeleg få til noko i denne spesielle tida, fortel styret.

Mange innspel

Russedåpen er planlagt i dialog med kommuneoverlege, politi og skulen.

Kommuneoverlege Knut A. Omdal rosar russen for å ha laga ein god smittevernplan.

– Russestyret er veldig seriøst i år. Det må dei rosast for, seier han.

Rektor Bård B. Lien fortel også om seriøse og godt gjennomarbeida smittevernplanar.

– Dei har fått innspel frå fylkesordførar, opplæringsdirektør, smittevernoverlegar i Stavanger og Haugesund, leiinga i Sør-Vest politidistrikt, kommuneoverlegen i Sauda, det lokale politiet, helsesjukepleiar og skuleleiinga. Dei har så laga smittevernplanar for sine to arrangement, og så bedt om nye innspel på desse frå kommuneoverlegen, politiet og meg, forklarer Lien.

Det andre russearrangementet er tenkt 16. mai.

Gjer inntrykk

Rektoren er tydeleg stolt av elevane sine.

– Det er flott ungdom, som tar veldig ansvar under pandemien. Fram til nå har dei avlyst alle sine planlagde arrangement, bortsett frå innsamlingsaksjonen til kreftsaka, der dei gjekk ”all inn” og klarte å samla inn ein betydeleg sum i denne vanskeleg tida, seier han.

Han innrømmer at det gjer inntrykk på han som rektor å sjå kor mykje ungdommane mister under pandemien. Russekullet har avlyst fleire arrangement og har også avlyst tradisjonelle russeknutar.

– Koronarestriksjonane set så mange sosiale bremseklossar på livet deira. Eg ser at dei synest dette er tøft å takla. Eg forstår godt at dei har behov for å skapa nokre felles minne, saman med heile russekullet, før dei drar til kvar sin kant når skuleåret er over, seier han om dei to felles-arrangementa russen legg opp til.

–Tung bør å bera

Han ser også at russen sin store skrekk er å bli smitta av Covid-19.

– Den siste mutasjonen smittar lettare blant unge, som gjerne ber smitten utan symptom. For russen er det skrekken å bli smitta, utan å vita det, og så smitta andre, eller familie og folk i risikogruppa. Dette er ei tung bør å bera for ungdommane, seier Lien.

Då Ryfylke snakka med Lien i går, torsdag, hadde han blitt kontakta av russen, som var tydelege på at dei ikkje ville at dei eller skulen opplyser til andre kor fredagens russedåp skal vera.

– Dette fordi dei ikkje ønsker at andre skal oppsøka dei under dåp-arrangementet. Det vil uansett vera vakter til stades, og politiet er på lag og vil stikka innom for å passa på, forsikrar rektor Lien.