Pernille (frå venstre), Malin, Kamille, Alva, Adriana og Sofie er ikkje vanskelege å be, når bademulegheiten byr seg.
Pernille (frå venstre), Malin, Kamille, Alva, Adriana og Sofie er ikkje vanskelege å be, når bademulegheiten byr seg. FOTO: Andreas Isaksen.Bilde 1 av 7
Leon Oxaal Gauthun er klar for litt strandaktivitetar.
Leon Oxaal Gauthun er klar for litt strandaktivitetar. FOTO: Andreas Isaksen. Bilde 2 av 7
Badedyr og sommarbekledning er ei selvfølge når ein reiser til Ibiza. Her nyter Tindra (7) strandlivet.
Badedyr og sommarbekledning er ei selvfølge når ein reiser til Ibiza. Her nyter Tindra (7) strandlivet.Bilde 3 av 7
Håkon Ramsnes Hammerstad tar seg ein kvil innimellom strandaktivitetane.
Håkon Ramsnes Hammerstad tar seg ein kvil innimellom strandaktivitetane.Bilde 4 av 7
Ein skal vel ta selfie når ein er på ferie, slår Solfrid Birkeland (til venstre) og Ann Kristin Gauthun fast.
Ein skal vel ta selfie når ein er på ferie, slår Solfrid Birkeland (til venstre) og Ann Kristin Gauthun fast.Bilde 5 av 7
Elevane fekk lage eigne pass i anledning reisa. Her viser Malene Steen og Pernille Lønseth Melbø fram sine.
Elevane fekk lage eigne pass i anledning reisa. Her viser Malene Steen og Pernille Lønseth Melbø fram sine.Bilde 6 av 7
Mads Rasmus nyt livet under ein palme i gymsalen på Risvoll skule.
Mads Rasmus nyt livet under ein palme i gymsalen på Risvoll skule.Bilde 7 av 7

Charterfeber på Risvoll skule:

Pakka koffertane og reiste til ”Ibiza”

Ingenting var utelatt då skulefritidsordninga på Risvoll skule onsdag vende nasane mot varmare strok, der sol, palmar og bading sto på programmet.

– Skal det vere te eller kaffi, spør den høflege flyvertinna.

Med stødig hand skjenker ho oppi krusa, og serverer to flyrader frå si vogn i midtgangen. Sikkerheitsprosedyrane er gjennomgått, og no er det bare flyturen igjen. ”Ibiza” ventar, med sine strender, palmar og ikkje minst bading.

Flyvertinna er Solfrid Birkeland, som for anledninga har fullt flyvertinne-kostyme. På storskjerm følger passasjerane flyturen frå lufta, medan ”Kaptein” Ann Kristin Gauthun og ”flyvertane” Mohammad Omar og Solfrid Birkeland serverer mat og drikke.

Passasjerane er elevane ved skulefritidsordninga på Risvoll skule. Dei har gleda seg til turen. På førehand har dei alle laga sine eigne pass, og dei var gode å ha då dei måtte gjennom kontrollen på flyplassen.

Passkontroll

Vel framme på ”Ibiza” må det sjølvsagt skiftast til badetøy, solbriller og t-skjorte.

– Det er badinga eg gler meg mest til, fortel Leon Oxaal Gauthun (7), som saman med Odin Hovland (7) skundar seg å få på seg badeshorts og solbriller.

I gymsalen er det strandleiker, badedyr og palmer som omgir badeturistane, og sjølv om lydnivået muligens ikkje er på høgde med det ekte nattelivet på Ibiza, er det garantert ikkje langt unna.

– Vi hadde veldig lyst til å gjere noko litt annleis saman med ungane. Det har jo ikkje vore så mykje ferie og reising på nokon på ei stund, så dette synest vi var ei fin erstatning. Elevane har laga billettane og passa sjølve, og har vore med på leiken heile vegen, frå passkontroll til stranda, fortel ei smilande Ann Kristin Gauthun.

På stranda

I dusjrommet ved gymsalen, har dei SFO-tilsette fylt opp to svære hagebasseng med vatn og skum. Jentene Pernille, Malin, Kamille, Alva, Adriana og Sofie var først uti, og kunne melde om brukbare badetemperaturar, men topp stemning.

– Eg berre ligg her og nyt sola litt, gliser Mads Rasmus.

Han har tatt plass på ein badehandduk under ei palme. Også Håkon Ramsnes Hammersland har funne roen på stranda, der han ligg og dyppar tærne i ”vatnet” i ein oppblåst flamingo.

– Det er nesten ein lettelse å gjere noko litt annleis på skulefritidsordninga no. Det har vore ei lang tid med strenge restriksjonar, og dette var godt både for dei små og dei store av oss, seier ei andpusten, men strålande glad Solfrid Birkeland.

Og mens lyden av latter og plasking fyller korridorane på Risvoll skule, vender denne journalisten tilbake til ein avisredaksjon der palmar, sol og strender bare er fjerne minne. Foreløpig.